Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid – for- og etterarbeidChevronRight
  5. Kreativ bruk av mobiltelefon i undervisningaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Kreativ bruk av mobiltelefon i undervisninga

Utviklinga av mobiltelefonteknologien opnar for mange nye grunnar til å bruke mobiltelefonar i naturfagundervisninga. Vi ser at det i mobiltelefonane er smelta saman teknologiar som tidlegare var åtskilde i ulike einingar. Talet på nyttige program (apps) til telefonen er høgt og stadig aukande.

To hender hoder en mobiltelefon for å ta bilde av fururakler. Foto.

Mange moglegheiter med mobil

Stereolupe og dorull som avstandshaldar. Foto.
Fotografering med mobil gjennom binokularlupe.

Mange telefonar har GPS, akselerometer og , som saman med tilgang til Internett gir moglegheiter til å kartleggje retning, rørsler og geografiske posisjonar. Fleire telefonar tillèt òg tilkopling til eksternt utstyr, som skjermar, høgtalarar og sensorar (for eksempel pulsmålarar og alkometer).

Mobiltelefonane kan òg innehalde lydfiler med fuglesong og kan ta opp lyd. Avspeling av fuglesongane kan vere nyttig for å identifisere fuglar i felt, gjerne supplert av bilete og feltkjenneteikn frå program på telefonen. Det er mogleg å finne relevant informasjon på Internett direkte frå telefonen, anten vi er ute i naturen eller på skulen.

Kamera og geotagging
– dokumentasjon i felt og på lab

Avføring fra bjørn. Synlige rester av molt. Foto.
Geotagging av ekskrement frå bjørn er nyttig hvis du skal rapportere funn.

Digitale kamera er mykje brukte til å dokumentere resultat frå felt- eller laboratoriearbeid. Sidan kvaliteten på mobilkameraa har blitt stadig betre og mobiltelefonen oftast er tilgjengeleg, blir dei mykje brukte til dette formålet. I feltarbeid kan vi saman med mobilkameraet bruke mobil-GPS-en til geotagging av bileta. Kvart bilete blir då merkt med eksakt posisjon som kan brukast i arbeidet med bileta og rapporteringa etter ein tur.

Kvalitet les mer

Kvaliteten til eit bilete eller ein film avheng i grove trekk av tre element: optikken til kameraet (”linsa”), lagringsmediet til kameraet (”filmen”) og etterbehandlinga av biletet (”framkallinga”). Jo betre kvalitet det er på optikken og lagringsmediet som mobilen har, dess betre bilete. Kamera med god optikk (for eksempel frå Carls Zeiss) og 8 megapikslar oppløysing kan gi svært gode bilete frå felt og til labbruk.

Feltarbeid

Spor i snø. Foto.
Spor frå jerv – artsbestemte og redigerte på mobiltelefonen.

Snøsporet som det er teke bilete av, er eit fotavtrykk frå eit pattedyr, men kva dyr har sett avtrykket? Det minste sporbiletet er behandla i fotoredigeringsprogrammet til kameraet for å endre kontrast og eksponering, slik at detaljane blir tydelegare. Det er då lettare å telje talet på tær og plasseringa av dei. På telefonen finst det eit program med nøkkel til å artsbestemme fotavtrykk. Samanlikning med biletet og nøkkelen stadfester at avtrykket er frå ein jerv! Bestemminga er gjord i felt, berre med telefonen som hjelpemiddel.

Interaktive feltdagbøker

Gul sopp og grønn mose. Foto.
Kantarell fotografert med mobiltelefon. Viss du geotaggar biletet, kan du lettare finne igjen kantarellstaden seinare.

Biletet av kantarellane er òg teke i felt, med naturleg lys og telefonblitsen. Då biletet blei teke, registrerte telefon-GPS-en den eksakte posisjonen i naturen. I etterkant er biletet redigert noko, og posisjonen er lagd inn i Google Maps. Dette er ei gratis teneste (maps.google.no) der brukarar (f.eks. enkelpersonar eller grupper) kan lage eigne kart der spor, bilete og kommentarar kan koplast til område på kartet. Bilete og feltobservasjonar kan på denne måten bli til interaktive feltdagbøker som du kan velje å dele.

Forstørringar, prosjektør og teleopptak

Mikroskopbilde av hud. Foto.
Tverrsnitt av tjukk hud frå ein finger hos eit menneske – fotografert med mobiltelefon gjennom mikroskop.

Det er ikkje vanleg med optisk zoom på mobilkamera fordi det vil auke dei fysiske måla på telefonane. På enkelt vis kan vi likevel utvide brennvidda til mobilkameraet. Ved å setje ei lupe mellom linsa og objektet kan vi ta gode nærbilete av insekt. Kameraet kan òg setjast direkte på okularet til ei stereolupe eller eit mikroskop. Bileta kan bli svært gode, og mobilkameraet kan erstatte dyrt og spesiallaga fotoutstyr (sjå vevsbiletet).

Mange telefonar kan koplast direkte til ein prosjektør eller skjerm, slik at vi kan vise andre kva som ligg under mikroskopet. Viss telefonen har denne moglegheita, treng vi berre eit enkelt stativ, for eksempel klipt til av ein dorullkjerne, for å halde telefonen på plass og i riktig avstand frå okularet.
I felt kan vi på same måten setje ein kikkert framfor kameraet og på den måten ta teleopptak.

Redigering og publisering

Bilete og film frå felt eller lab kan redigerast på PC, men det er òg mogleg å gjere svært mykje av etterarbeidet, inkludert publisering, direkte på telefonen. Filmen Forstørrelse via mobiltelefon (under) viser korleis mobilkameraet er brukt til å dokumentere sporar frå kråkefot. Bileta og filmsnuttane er tekne med ein iPhone, sette saman og redigerte på telefonen i programmet iMovie og publiserte direkte i YouTube frå telefonen via ein eigen applikasjon. Prosessen (fotografering, redigering og publisering) er altså gjort i heilskap på ein mobiltelefon.

Lær deg å kjenne din eigen telefon og dei moglegheitene som ligg i han til å dokumentere og rapportere frå ekskursjonar og forsøk. Utvid moglegheitene til digitale presentasjonar, både i undervisning og som rapportmedium!


Læringsressursar

Feltarbeid – for- og etterarbeid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Datalogging i feltarbeid

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bruk av digitale kart i feltarbeid

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Innføring i bruk av "Kart i skolen" på ekskursjoner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Digitale verktøy i naturfag

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Tree of life – slektskap mellom organismer

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Generasjonsveksling hos sisselrot

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Fotosyntese og celleanding – datalogging

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Infusoriekultur

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Artskunnskap og systematikk

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff