Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid – for- og etterarbeidChevronRight
  5. Introduksjon til systematikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Introduksjon til systematikk

Ein viktig del av det å dra ut i felt er å observere, identifisere og klassifisere artar. Før feltarbeidet startar, er det derfor viktig med ein kort introduksjon til systematikken. Ein grundigare gjennomgang av dette finn du under hovudområdet «Biologisk mangfald».

Artsmangfold-montasje. Tegninger

Observasjonar og innsamling

Fire elevar leitar i vasskanten. Foto.
Innsamling av organismar under ekskursjon

Når vi er på feltarbeid i skulen, samlar vi ofte inn artar, undersøkjer og samanliknar artane med omsyn til fellestrekk og variasjon. Ut frå dette klassifiserer vi artane. Sjølv om vi berre undersøkjer éin biotop under feltarbeidet, vil vi oppleve eit mangfald av artar. For å kunne organisere det mangfaldet som finst, er det viktig å ha kunnskap om kva ein art er, systematikk og klassifikasjon. Slik kunnskap blir jo heilt avgjerande når vi skal halde styr på og ha oversikt over ei komplisert og samansett biologisk verd.

Systematikk og klassifikasjon

Systematikk definerer vi som det vitskaplege studiet av biologisk mangfald og dei evolusjonære slektskapsforholda mellom organismar. Det er ein veldig vid definisjon som inkluderer beskriving, identifikasjon, namnsetjing og klassifisering av organismane i eit hierarkisk klassifikasjonssystem.

Det klassifikasjonssystemet som per i dag er mest vanleg å bruke, består av sju hovudnivå (taxa):

rike – rekke – klasse/divisjon – orden – familie – slekt – art

Alle artar som blir grupperte saman på dei ulike nivåa, har ei rekkje fellestrekk. Dersom gruppene er riktig sette saman, er medlemmene i kvar gruppe meir i slekt med kvarandre enn medlemmer i andre grupperingar på same nivået.

Seks (fem) rike

Teikning av ein art frå kvart rike. Illustrasjon.
Seks rike

Det biologiske mangfaldet er fordelt på seks rike: eubakteriar, arkebakteriar, planteriket, soppriket, dyreriket og protistar. Protistriket har etter kvart blitt meir eller mindre oppløyst og fordelt på dei andre rika, og for tida er dei tradisjonelle protistane under kraftig revisjon.

Art og artsnavn

Dei fleste har ei intuitiv formeining om kva ein art er, men det har vist seg vanskeleg å definere artsomgrepet på ein måte som tilfredsstiller alle biologar. Den mest kjende og allment brukte definisjonen er det biologiske artsomgrepet som seier at ein art er ei samling av individ som kan krysse seg med kvarandre og gi fruktbart avkom. Svakheita med denne definisjonen er at han ikkje omsluttar organismar som formeirar seg ukjønna.

Kvar art blir gitt eit vitskapleg namn som er unikt. Dei vitskaplege namna blir skrivne på latin (nokre gonger gresk), og artane får namn etter det som vi kallar binær nomenklatur. Det vil seie at dei får eit todelt namn, der første delen er eit slektsnamn og andre delen er eit artsnamn (artsepitet). Slektsnamnet skriv vi med stor forbokstav, mens artsnamnet skriv vi med små bokstavar, i tillegg skal begge kursiverast.

Eksempel på vitskaplege namn:

  • Mustela erminea – røyskatt
  • Mustela nivalis – snømus

I tillegg til dei unike artsnamna har alle artane fått vitskaplege namn på høgare nivå (taxa) som skal seie noko om den evolusjonære slektskapen mellom gruppene.

Artsbestemming

To personar bruker oppslagsverk på feltarbeid. Foto.
Her blir oppslagsverk brukte til artsbestemming.

Viss vi under feltarbeidet finn artar som vi ikkje kjenner, kan det vere lurt å bruke bøker og Internett for å artsbestemme dei. I mange av kjeldene er det illustrasjonar og beskrivingar som kan brukast til artsbestemming. Somme kjelder, slik som mange populære floraer, har òg bestemmingsnøklar. Desse er til god hjelp, men krev trening for å kunne brukast riktig.

Læringsressursar

Feltarbeid – for- og etterarbeid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Datalogging i feltarbeid

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bruk av digitale kart i feltarbeid

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Innføring i bruk av "Kart i skolen" på ekskursjoner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Digitale verktøy i naturfag

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Tree of life – slektskap mellom organismer

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kreativ bruk av mobiltelefon i undervisninga

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Generasjonsveksling hos sisselrot

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Fotosyntese og celleanding – datalogging

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Infusoriekultur

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Artskunnskap og systematikk

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff