Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid – for- og etterarbeidChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bruk av nøklar – hjelp til artsbestemming

Nokre gonger er det ikkje nok å sjå på bileta i eit oppslagsverk for å bestemme kva art du har funne. Då må du ta i bruk nøkkelen i oppslagsverket. Her får du rettleiing i korleis du kan bruke slike nøklar.

Mange bilder av lyng i et oppslagsverk. Tegning.

Mange artar å halde styr på!

Jente ser i stereolupe. Foto.
En binokularlupe kan være et godt hjelpemiddel for å se nok detaljer til å artsbestemme.

Det finst over 15 000 kjende insektartar i Noreg, nesten 8000 soppartar og nesten 3000 karplanteartar. Ingen har oversikt over alle desse, men heldigvis er det hjelp å få. Ein flora er ei oversikt over planteartane i eit geografisk område (for eksempel Noreg) eller ein bestemt levestad (for eksempel ein fjellflora). Slike oversikter finst òg over mellom anna insekt, fuglar, sopp og mosar både i bokform og på nettet. Dei inneheld illustrasjonar, artsbeskrivingar og ofte nøklar.

Bestemmingsnøklar

Ein enkel flora sorterer plantane etter blomsterfargen (raud, gul, kvit, blå) eller etter veksestaden (fjell, myr, skog, åker, vegkant). Her bestemmer vi ein art ved hjelp av denne grovsorteringa og samanlikning med illustrasjonar og beskrivingar. I ein meir vitskapleg flora er plantane samla i slekter og familiar. I ein slik flora finn vi gjerne ein bestemmingsnøkkel som er eit hjelpemiddel for å forenkle artsbestemminga av ein organisme eller for å finne høgare nivå som slekt eller familie. Val av alternative karaktertrekk gjennom fleire steg i nøkkelen fører til målet.

Eksempel på enkel nøkkel – bartre

Skjema der du velger mellom to alternativer for å artsbestemme. Illustrasjon.
Eksempel på oppbygning av togreinet nøkkel

Ein eller fleire inngangar

Det finst ulike typar bestemmingsnøklar, og dei tradisjonelt mest brukte har éin inngang (”single-access keys”). Stega i bestemmingsnøklane har ei bestemt rekkjefølgje, og det finst ingen alternative startpunkt i nøkkelen. For kvart steg blir det gitt vanlegvis to, helst gjensidig utelukkande, alternative karaktertrekk (togreina/dikotom nøkkel) som fører vidare til neste steg.

Ein nøkkel kan òg ha fleire alternativ for kvart steg (fleirgreina/polytom nøkkel). I nøklar med berre éin inngang stoppar prosessen av og til opp fordi objektet som blir nøkla, ikkje har dei nødvendige karaktertrekka.

Skjema der du velger mellom flere alternativer hver gang når du skal artsbestemme. Illustrasjon.
Eksempel på oppbygning av flergreinet nøkkel

Planten som skal bestemmast, kan for eksempel vere utan blomstrar eller frukt, og då kjem vi ikkje vidare i nøkkelen dersom dette er karakterar det blir spurt etter.

Det blir stadig vanlegare med nøklar som har fleire inngangar (”multi-access keys”). Her bruker vi dei karaktertrekka vi har for handa, ved at dei blir mata inn i for eksempel eit dataprogram som så gjer jobben med å sortere bort alternativa som ikkje passar.

Utfordringar

Mange insekter i fotomontasje.
Kanskje treng du både lupe og oppslagsverk med bestemmingsnøkkel for å artsbestemme desse insekta.

Du treng ofte ein viss basiskunnskap når du skal bruke ein nøkkel, eller ”nøkle” som det òg heiter. Ein nøkkel inneheld gjerne faguttrykk, og du må vite kva du skal sjå etter. I dei fleste oppslagsverka av denne typen finst det ei ordliste med viktige karaktertrekk og faguttrykk.

Det er ikkje alltid klare skilje mellom alternativa i eit gitt punkt i nøkkelen, og vi kan derfor av og til velje feil. Dette kjem delvis av at artane varierer meir enn det ein flora og spesielt ein nøkkel kan få fram.

Bilder av ulike bladformer
Løvblad – karaktertrekk

I andre tilfelle kan karaktertrekka som blir brukte, vere vanskelege å få auge på, og det kan for eksempel vere nødvendig å bruke lupe. Somme artar er dessutan vanskelege å skilje frå kvarandre.

Dersom ingen av alternativa i ein nøkkel stemmer, er det som regel eit hint om at feil alternativ er valt på eit av stega før! Det kan òg vere at du nettopp har gjort eit nytt og spennande funn!

Lyng og lyngnøkkel

Læringsressursar

Feltarbeid – for- og etterarbeid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Feltarbeid

  • SubjectMaterialFagstoff

    Datalogging i feltarbeid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bruk av digitale kart i feltarbeid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Innføring i bruk av "Kart i skolen" på ekskursjoner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Digitale verktøy i naturfag

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Tree of life – slektskap mellom organismer

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kreativ bruk av mobiltelefon i undervisninga

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Generasjonsveksling hos sisselrot

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Fotosyntese og celleanding – datalogging

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Infusoriekultur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Artskunnskap og systematikk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff