Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. KjeldekritikkChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Vurdering av informasjon frå internett

Vurdering av informasjon på internett er i prinsippet det same som å vurdere det du finn i ein artikkel i eit fagblad eller i ei bok. I praksis er det imidlertid vanskelegare, fordi innpakninga er så ulik, og fordi det ikkje alltid er så lett å finne ut kven som har laga ei nettside.

Flere menn sitter på rekke foran hver sin PC. Foto

Adressa seier mykje om avsendaren

Domenenamnet, før siste punktum og første skråstrek i ei nettadresse, er ei kjelde du bør undersøkje. Merk at lenker kan føre til ein heilt annan stad enn lenketeksten du klikkar på. Finn ut kor denne leiar: domenenavn.no/forvirrende/lenke

Tolking av ei internettadresse

Kva er aldersdatering med C-14-metoden?

Studenter studerer fossiler. Foto.
Studentar analyserer fossil.

Under finn du fire ulike kjelder som seier noko om korleis ein kan finne alderen på gjenstandar ved bruk av C-14-metoden. Viss du klikkar på linkane, kjem du direkte til kjeldene.

Ta deg god tid og sjå gjennom alle fire informasjonskjeldene, og ta notat undervegs. Deretter prøver du å svare på spørsmåla nedanfor tabellen, men kikk gjerne på spørsmåla før du startar gjennomgangen.

  1. Nettstaden kreasjonisme.com – Rethinking Carbon-14 Dating
  2. Nettstaden naturfag.no – Med radioaktivitet som klokke
  3. Nettstaden Youtube.com – The Age of Our World Made Easy
  4. Nettstaden snl.no Store Norske Leksikon – Geologisk datering

Spørsmål til ettertanke

  1. Pink Panter og detektiv som sjekker spor. Illustrasjon.
    Kva er kjeldene? Finn ut så mykje som mogleg om kva for personar og/eller institusjonar som er ansvarlege for informasjonen. (YouTube.com er til dømes ikkje godt nok.)
    1. Sjå på nettadressene, del dei opp og vurder kvar del.
    2. Sjå etter annan informasjon om avsendar på sida, og finn ut om informasjonen kan verifiserast.
    3. Kva er avsendarane sitt mål?
    4. Kva for fakta blir presenterte?
    5. Vurder argument og verkemiddel som blir nytta.
    6. Finn ut om informasjonen er eigna for deg.
  2. Vil du seie at avsendarane er
    1. truverdige?
    2. objektive?
    3. nøyaktige?

Læringsressursar

Kjeldekritikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Debattoppgåve – biologisk mangfald og skogbruk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff