Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. KjeldekritikkChevronRight
  5. Debattoppgåve – biologisk mangfald og skogbrukChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Debattoppgåve – biologisk mangfald og skogbruk

I Rio de Janeiro sommaren 1992 underteikna 150 av alle statsleiarane i verda FN-konvensjonen for biologisk mangfald. Han omfattar vern og berekraftig bruk av alt biologisk mangfald, og dei enkelte statane er ansvarlege for å lage forpliktande planar for sitt land. Konvensjonen frå 1992 er seinare supplert med mange andre traktatar.

Sti innover i skog. Foto

Kartlegging og vern av biologisk mangfald

Mann slår eng med ljå i eng. Foto.
Erik Solheim (daverande Miljø- og utviklingsminister) prøver ljåen under lanseringa av Handlingsplan for slåttemark, juni 2010.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) har ansvaret for å skaffe ei oversikt over biologisk mangfald i Noreg. Kommunane er delegert ansvaret for registrering, og framgangsmåten er skildra i ei handbok laga av DN. Det som skal registrerast, er naturtypar, vilt, raudlisteartar, ferskvasslokalitetar og marint biologisk mangfald. Datagrunnlaget som kommunane produserer, dannar grunnlaget for vurdering av eventuelle tiltak for å ta vare på mangfaldet.

Jord- og skogbruksnæringa blir sterkt påverka av arbeidet med biologisk mangfald ettersom dei bruker ein stor prosentdel av det produktive landarealet.

Kollasj av mange plantebilder. Foto.
Mangfald i planteriket.

Av dei 56 naturtypane som blir registrerte, er 26 innan kulturlandskap, skog, kyst og havstrand. Det finst enno inga samla oversikt over kor store areal det er av dei ulike typane, fordi kommunane ikkje er ferdige med registreringa.

Skogbruksnæringens holdning

Tanken om at noko natur er verneverdig, og at utryddingstrua artar skal takast vare på, har stort sett slått rot innan skogbruksnæringa, men mange er kritiske til verneomfanget og meiner at grunneigarane får for lita erstatning for avgrensingane dei har fått. Det har vore mange medieoppslag, og diskusjonen om rovdyr, sjeldne lav- og fugleartar og vern av verdifulle skogområde har vore dei mest synlege sakene.

Tidlegare fylkesskogmeister i Nord-Trøndelag, Mathias Sellæg, set ord på noko av kritikken frå skogbrukshald. I eit innlegg han har kalla "Biologisk mangfold – statisk eller dynamisk", tek han eit oppgjer med DN og "disippelskaren deres".

Rotete skogsbunn. Foto.
Moderne skogbruk har teke i bruk nye metodar, som markflekking av hogstflater.

Sellæg meiner at tilstanden i dei forskjellige naturtypane heng uløyseleg saman med den bruken som har vore av området, og at DN har eit for statisk syn på biologisk mangfald. Er det for eksempel så farleg om tidlegare beiteskog blir planta til med gran? Han hevdar at alle tider har sine naturtypar, bestemt ut frå bruk. Han peiker òg på at klimaproblema kanskje er dei mest vesentlege i dag", og at auka planting fører til auka binding av CO2.

Utforsk og diskuter

I denne artikkelen er det lenkjer til mange eksterne ressursar om biologisk mangfald, og nedst i dette avsnittet finn du ei liste med somme av dei sentrale aktørane (men ikkje alle). Les på heimesidene deira og finn ut kva roller og synspunkt dei enkelte har, og kva vitskaplege argument dei har for sitt syn.

Er det slik, som Mathias Sellæg hevdar, at arbeidet med biologisk mangfald er overflødig og berre er eit feitt levebrød for forskarar, byråkratar og konsulentar, eller er Noreg ein del av ei verd som "forbruker jorden i rasende fart", slik FN seier?

Ung skog. Foto.
Plantefelt med gran og furu i Drangedal. Skog bind karbondioksid og mange meiner vi plantar for lite.

Skal vi ta vare på alle naturtypar påverka av menneske? Kva vil skje med artane som lever i dei naturtypane som eventuelt forsvinn?

Viss de har moglegheit til å arbeide med dette i ein klasse, kan de danne grupper som representerer ulike aktørar, og til dømes arrangere eit debattmøte, skrive blogginnlegg eller dra ut for å snakke med snakke med somme av aktørane.

Somme aktørar:

  • Politikarar (lovgivarar)
  • Sentrale forvaltningsorgan
  • Lokale forval
  • Skogeigarar
  • Skogsentreprenørar
  • Skogindustri
  • Forskarar
  • Konsulentar
  • Organisasjonar
  • Media

Læringsressursar

Kjeldekritikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff