Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Den unge biologen

Den unge biologen handlar om å byggje opp naturvitskapleg forståing gjennom nysgjerrigheit, undring og systematiske arbeidsmetodar både i teoi og praksis. Dette er kunnskapar og erfaringar som er nyttige i alle hovudområda i biologifaget.

Tre ungdommer studerer lynghei. Foto.

Den unge biologen – jobbar systematisk som ein forskar

Her skal du lære å bruke fagleg kunnskap til å tolke informasjon frå ulike kjelder og kartleggje, systematisere, dokumentere og rapportere frå ulike aktivitetar.

I eit større feltarbeid skal du samle inn og utforske ulike organismar. Då får du bruk for å lære litt om slektskap mellom artar, men dette emnet (systematikk) blir grundigare behandla i hovudområdet "Biologisk mangfald".

Emner

Den unge biologen

  • Forsking

    I dette emnet skal du lære om naturvitskaplege arbeidsmetodar, planleggje og gjennomføre eksperiment, skrive rapport og vise til moglege feilkjelder.

  • Kjeldekritikk

    Her får du trene deg i å vurdere fleire kjelder og vurdere korleis påstandane er underbygde. Kor truverdige, objektive og nøyaktige er dei?

  • For å få best mogleg utbytte av feltarbeidet, må du vere godt førebudd. Her finn du også nyttige tips både til for- og etterarbeid.

  • Gjennom feltarbeidet skal du lære om ulike artar og om korleis dei er tilpassa miljøet. Her er forslag til undersøkingar du kan gjere i fjøra.

  • Gjennom feltarbeidet skal du blant anna lære om artar og tilpassingar til miljøet. Her finndu forslag til undersøkingar du kan gjere i fjellet.

  • Her finn du ei samling av filmar frå feltarbeid. Dei handlar både om arbeidsmetodar i felt, artskunnskap, tilpassingar og abiotiske faktorar.