1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Nyttig om biologiChevronRight
  4. Eksamen i biologi 1ChevronRight
  5. Trening til munnleg(-praktisk) eksamenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Trening til munnleg(-praktisk) eksamen

Gjennom arbeid med å lage eksamensoppgåver, får du god trening i å tolke eksamensoppgåver. Det gir ei større forståing av kva for emne det er naturleg å trekkje inn for å vise at du ser fleire samanhengar. Utprøving av dei ulike rollene, og erfaring frå vurdering, gir òg tryggleik i eksamenssituasjonen.

Ungdom som planlegger. Foto.

Trening til eksamen

  1. Del opp klassen i grupper på tre elevar.
  2. Gruppene lagar eksamensoppgåver som gjer det mogeleg for eksamenskandidaten å vise kompetanse i store delar av læreplanen. Dersom det er praktisk mogeleg, kan dei òg leggje inn ei praktisk oppgåve.
  3. Fordel rollene innanfor gruppene: eksaminator, sensor og kandidat.
  4. Alle som har fått rolle som eksamenskandidat, flytter seg til ei ny gruppe og får tildelt ei eksamensoppgåve som han/ho skal svare på.
    1. Eksaminatoren er den som hovudsakleg gjennomfører samtalen med kandidaten og kjem med tilleggsspørsmål.
    2. Etter eksamineringa skal sensor og eksaminator bruke vurderingskriteria (kjenneteikn på måloppnåing) til å vurdere graden av måloppnåing og gi tilbakemelding til kandidaten.
  5. Eksaminanden vender tilbake til gruppa si, der gruppemedlemmene byter roller, og ein ny eksaminand får prøve seg på eksamensoppgåva i ei anna gruppe.
  6. Når alle har prøvd seg i dei ulike rollene, kan ein velje å køyre fleire rundar.
  7. Strektegning av elev som står foran en trapp med karakterer på trinnene. Illustrasjon.
    Låg, middels eller høg grad av måloppnåing.
    Evaluering i klassen
    1. Kva kjenneteiknar dei gode og dei mindre gode oppgåvene?
    2. Korleis kan eksaminator opptre for at kandidaten skal få vist kva han/ho kan?
    3. Korleis kan kandidaten opptre for å få best mogleg utteljing under eksamen?

Sjå gode råd i Videoklipp om presentasjon og foredrag.

Læringsressursar

Eksamen i biologi 1

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter