Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fullkorn i kampen mot kreft

Eit tradisjonelt nordisk kosthald med mykje fullkorn – først og fremst i form av brød – kan vise seg viktig i førebygginga av ulike kreftformer, skriv forskning.no. Påstanden kjem frå forskarane ved Nordic Centres of Excellence som forskar på mat og helse.

bilde av et fullkornsmørbrad
Sandwich av fullkornsbakverk

På forskingssenteret Nordic Health – Whole Grain Food (HELGA) i København meiner dei fullkorn har eit potensial i behandlinga av både kreft, diabetes og hjarte- og karsjukdommar.

Å ete heile kornet, i staden for berre dei indre delane av det, er eit av dei mest karakteristiske trekka ved eit tradisjonelt nordisk kosthald. I Norden er både rug, havre og kveite blitt brukt heilt eller delvis uraffinert, først og fremst i brød. Her finst i tillegg dei beste databasane i verda med register over kreft i befolkninga. Det gjer mykje av kreftforskinga enklare.

Finske studiar har vist at insulinresponsen er annleis for rug enn for havre og kveite. I våre eigne studiar har vi greidd å påvise at rug har førebyggjande effektar på prostatakreft. Vi har no gått i gang med ein studie der menn som har fått påvist tidleg prostatakreft, et meir fullkornsrug samtidig som dei driv fysisk aktivitet, seier leiar for senteret Anne Tjønneland.

No løyver NordForsk 30,5 millionar norske kroner over fem år til drifta av forskingssenteret HELGA, eitt av tre Nordic Centres of Excellence (NCoE) som forskar på mat og helse.

Lenkje til artikkelen "Fullkorn i kampen mot kreft" på forskning.no

Læringsressursar

Kosthald og helse