Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
  4. Energigivande næringsstoffChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Energigivande næringsstoff

Det finst tre ulike typar energigivande næringsstoff i maten vi et: feitt, karbohydrat og protein. Næringsstoff byggjer opp og held kroppen vår ved like, og desse tre kan i tillegg forbrennast i kroppen, slik at det blir frigjort energi.

Tallerken med sunn mat. Foto

Feitt

Strukturformel for fettmolekyl. Illustrasjon.
Feittmolekyl består av glyserol og tre feittsyrer.

Feitt inneheld 38 kJ/g og er dermed det næringsstoffet som har høgast næringsinnhald. Protein og karbohydrat inneheld berre 17 kJ/g. I dyr og menneske er feittet først og fremst ei energikjelde, og størstedelen av opplagsnæringa i kroppen er lagra i feittreservar. Feitt tener også som varmeisolator og støytdempar og er dessutan ein viktig del av alle cellemembranane i kroppen.

Vi skil mellom depotfeitt og feitt i musklar og organ. Depotfeitt er den typen feitt som gjer oss tjukke av utsjånad. Kolesterol er eit feittstoff som har mykje å seie for helsetilstanden vår.

Feitt er bygt opp av feittsyrer og glyserol. Det finst over 40 ulike feittsyrer, og det er oppbygginga til feittsyrene som avgjer kva type feitt som blir laga. Feittsyrer med éi eller fleire dobbeltbindingar i kjedene er umetta feittsyrer og gir umetta feitt.

Smeltepunktet for feitt er lågare dess kortare feittsyrene er, og dess fleire dobbelbindingar dei har. Metta feitt er fast ved romtemperatur, medan umetta feitt er mjukt eller flytande. Feitt som er flytande ved 20 °C inneheld hovudsakleg umetta feittsyrer. Fast feitt, som på kotelettar og anna raudt kjøt, inneheld metta feittsyrer.

Smør er metta feitt og hardt i kjøleskapet. Plantefeitt og planteoljer inneheld einumetta feitt og er flytande i kjøleskap.

Feitt kan også delast inn i grupper etter kjelde

  • Feitt frå dyreriket blir kalla animalsk feitt.
  • Feitt frå planteriket blir kalla vegetabilsk feitt.

Hos plantene finst feitt og olje som opplagsnæring i frø og frukter. Ein vinn gjerne ut matoljer av plantefeitt, som for eksempel soyaolje, maisolje og olivenolje.

Karbohydrat

Karbohydrat er eit samleomgrep på fleire organiske sambindingar som hovudsakleg finst i matvarer frå planteriket. Felles for alle karbohydrata er at dei opphavleg er laga av glukose (druesukker), som i sin tur er utvikla i plantene gjennom fotosyntese.

Monosakkarid

Monosakkarid (mono betyr éin) er namnet på dei enklaste sukkerartane. Glukose er den vanlegaste sukkerarten i planteriket. Glukose finst i fri tilstand i søte frukter og som byggjestein i mange av dei samansette sukkerartane. Monosakkarid blir lett sogne opp i tarmen og er ei energikjelde som raskt går over i blodet. I levra blir alle slags karbohydrat gjorde om til glukose. Kjelder er frukt, bær, honning og mjølk.

Disakkarid

Disakkarid (di betyr to) er samansette av to monosakkarid som nokså lett blir brotne frå kvarandre under fordøyingsprosessen. Kjelder er mjølk, malt, sukkerrøyr og sukkerroer.

Polysakkarid

Polysakkarid (poly betyr fleire) omfattar lange kjeder av enkle monosakkarid.

  • Stivelse er først og fremst den viktigaste opplagsnæringa i plantene og finst i store mengder i røter, knollar og frø. Dei viktigaste kjeldene til stivelse er korn og kornprodukt, poteter og grønsaker. Stivelse er nesten uløyseleg i kaldt vatn, men i varmt vatn svell stivelseskorna og syg til seg store mengder væske. Det gjer at dei er lettare å fordøye, og at vassløysinga tjuknar. Med nok stivelse kan ho stivne til ein graut. Når vi lagar sausar, dreg vi nytte av dette ved å bruke for eksempel kveitemjøl som stivelseskjelde.
  • Glykogen er eit polysakkarid som berre finst i animalsk vev, i levra og i musklane. Ein kan seie at glykogen er dyra si form for lagra karbohydrat, og vi kan gjerne kalle det kroppens matpakke. Kroppen hentar næring frå desse lagra når det går ei stund mellom måltida.
  • Kostfiber skil seg frå dei andre polysakkarida ved at fordøyingskanalen til mennesket ikkje kan fordøye dei. Kostfiberkjedene passerer derfor ufordøydde gjennom tarmen. Vi finn kostfiber i sammale mjøl, heilkorn, kli, frukt, bær, grønsaker og poteter.
En haug med helkorn på et bord. Foto.
Heilkorn

Protein

Protein finst i alle organismar og tek seg av fleire livsviktige oppgåver. Protein er byggjesteinane i menneskekroppen og utgjer om lag ein seksdel av kroppsvekta. Protein finst blant anna i muskelvev, bindevev, hud, hår og negler. I ein menneskekropp er det om lag 100 000 forskjellige protein som alle har sine bestemte oppgåver å utføre.

Vi treng protein for å byggje opp og halde ved like celler og vev og for å produsere hormon og enzym. Proteina er bygde opp av kjemiske sambindingar som vi kallar aminosyrer. Det finst tjue ulike aminosyrer, og kroppen kan lage dei fleste av desse sjølv. Det er likevel åtte av dei tjue (ni hos spedbarn) som er essensielle eller livsviktige og må tilførast gjennom mat fordi kroppen ikkje kan lage dei sjølv.

Kjøt og soyabønner gode kjelder til protein

(Kjelde: «Naturlegvis», NKI Forlaget)

Nettside med næringsstoffanbefalinger frå helsedirektoratet.no.

Hugselappen

  • Feitt er det næringsstoffet som har høgast energiinnhald per gram.
  • Feitt er eit viktig næringsstoff for mange prosessar i kroppen.
  • Det bør utgjere ca. 30 % av inntaket per dag.

Læringsressursar

Kosthald og helse