1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
  4. LivsstilChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Livsstil

Kva for ein livsstil vi har, er eit resultat av kva for val vi har og kva vi vel. I den vestlege verda er livsstilen til menneska prega av at vi har mange moglege val. Desse ulike alternativa påverkar oss.

Ung kvinne på sykkel

Vi tek ei rekkje val kvar einaste dag. Veit du at nokre av vala dine kan føre til at du får dårlegare helse? Er du oppteken av kva som gir deg god helse?

  • Vi kan velje å ha eit sunt eller eit mindre sunt kosthald.
  • Vi kan i mange tilfelle velje om vi vil vere fysisk aktive. Vi kan gå eller sykle til skolen eller ta bussen. Vi kan velje å gå tur eller drive idrett, men vi kan og velje å la vere.
  • Vi har tilgang på ulike rusmiddel og tobakk, men vi kan velje å ikkje bruke slikt.
  • Mange jobbar mye og er opptekne av status og karriere. Andre prioriterer familie og fritid. Også her kan vi velje.

Mange vil innvende at det ikkje er så enkelt å velje i alle desse tilfella. Ein må ha ein jobb, og ein må ete også når ein ikkje har tid til å lage sunn mat. Dette er sjølvsagt riktig, men i mange tilfelle har vi høve til å velje. Og da er det viktig å vite at vala vi gjer, har konsekvensar for helsa vår.

Som yrkesutøvar innan kokk- og servitørfag er det viktig at du viser respekt overfor vala til andre. Det finst som regel ein medviten eller umedviten grunn til alt vi gjer. Ei fordømmande haldning fører sjeldan fram viss du ønskjer å hjelpe. God og riktig informasjon er nødvendig for at brukaren skal kunne ta gode val. Rettleiing kan og vere nyttig.

Eigenomsorg

Eigenomsorg handlar om korleis vi tek vare på oss sjølve. God helse er ikkje noko ein er fødd med eller automatisk kan rekne med å berge heile livet utan eigen innsats. Dei fleste nordmenn har høve til å velje korleis dei vil leve. Livsstilen din kan faktisk ha mye å seie for kor gammal du kjem til å bli! Stadig vert det lagt fram forsking om kva for faktorar som har positiv og negativ innverknad på helsa. For å kunne ta gode val er det viktig at vi får tak i informasjon og vert medvitne om moglege problem. Barn og unge må lærast opp.

Ekstreme utslag

Det vert og rekna som ein livsstil å vere ekstremt oppteken av å leve rett. Enkelte vert sjølvsentrerte og innsnevra i tankegang og interesseområde. Mat, trening, vekt, muskelmasse og prestasjonar får eit altfor stort fokus. Ved å forsake godsaker, avslå tid til sosialt samvere og trene til alle tider på døgnet kan ein faktisk gå i motsett grøft. Enkelte brukar medikament i tillegg for å få auka muskelmasse og uthald. Dette kan vere direkte helseskadeleg. Belastningslidingar pga. overtrening, eteforstyrringar, rastløyse og usosial livsstil kan føre til stressliknande tilstandar i kroppen. Det er viktig å finne ein balanse mellom aktivitet og kvile. Det er heilt ok å unne seg god mat og drikke sjølv om ein vil leve sunt. Det er ikkje uheldig til dømes å ete feit mat og alkoholhaldig drikke i ny og ne.

Dømet Gunn

Gunn droppar frukosten. Ho tek buss til og frå skolen. I første friminutt kjøper ho muffins og brus i kantina. Det er meir freistande enn salat, brød og mjølk. Som skoleelev sit ho i ro ved pulten mesteparten av dagen. På heimvegen kjøper ho seg ein hamburgar og er derfor ikkje særleg svolten når ho kjem til familien sitt middagsmåltid. Ho liker å halde på med stillesitjande aktivitetar som tv-titting og pc utover kvelden.

Pappbeger med brus og tallerken med hamburger og chips. foto.

Dømet Karl

Karl tek seg tid til å ete frukost som held han mett ut over formiddagen. Han smørjer niste som inneheld brød med ost, leverpostei og grønsaker. Han kjøper kald, frisk mjølk i kantina og ei frukt. Han er og skoleelev og sit mye i ro om dagen, men vel å gå eller sykle til og frå skolen. Mosjonen gir energi så han føler seg opplagt. Til middag passar han på å få i seg rikeleg med grønsaker og fisk. Om kvelden er han saman med venner.

Brødskiver på tallerken. Foto.

Læringsressursar

Kosthald og helse