Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Kost til ulike grupperChevronRight
  4. Samisk mat og kulturChevronRight
  5. Arbeidsoppdrag samisk matChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Arbeidsoppdrag samisk mat

Kvinne i samekofte holder skål med tyttebærsuppe i fanget. Foto.

Informasjon om oppgåva

Dette oppdraget består av ein teoridel og ein praktisk del.

I teoridelen gjennomgår læraren teori om samisk matkultur. Her gjennomgår ein historie, mattradisjonar, konservering og ernæring.

I den praktiske delen skal elevane lage ein samisk buffet ut frå oppskrifter i eit oppskriftshefte med samisk mat. Dette oppdraget kan ein gjennomføre om hausten eller om våren, men kva retter som skal lagast må samsvare med årstida og kva det er mogeleg å hauste. Om noko må haustast, må ein leggje inn tid til dette.

Den siste delen består av næringsberekning av innhaldet i maten dei har laga, ved hjelp av Kosthaldsplanleggjaren.

Lenkje til oppskriftshefte med samisk mat.

Filer

Forslag til inndeling av grupper på kjøkkenet

  • Gruppe 1 står for baksten.
  • Gruppe 2 produserer kaker, ost og dessertar.
  • Gruppe 3 lagar varmmaten.
  • Gruppe 4 ordnar servering og borddekking.
Person som skriver på laptop. Foto.

Teoridel

  • Læraren gjennomgår teori om samisk matkultur. Målet med desse timane er å gi elevane eit lite innblikk i den samiske kulturen.
  • Elevane blir delte inn i grupper og får utlevert oppskriftsheftet. Elevane gjer seg kjent med oppskriftene, og vel ut kva for oppskrifter dei ønskjer å lage når dei skal på kjøkkenet. Elevane skriv arbeidsplan og bestillingsliste. Hausting av eventuelle råvarer og pynt til bordet.

Praksisøkt

Kokke arbeider over gryte på kjøkkenet. Foto.

Praksisøkta består av 6 timars praksis på kjøkkenet.

  • Elevane skal jobbe i grupper og produsere ulike retter. Målet for denne dagen er å produsere og presentere samisk mat som ein buffet. Spisesalen/restauranten skal gjerast klar og pyntast med samisk vri, og ein skal dekkje borda til matservering.

Etterarbeid

Denne økta startar med ein times arbeid med Kosthaldsplanleggjaren. Målet med denne timen er å finne ut kva for næringsstoff som finst i det som blei laga i den seks timar lange økta på kjøkkenet.

  • Elevane skal berekne næringsinnhaldet på sine spesifikke retter ut frå oppskriftene i Kosthaldsplanleggjaren. Dette er eit program som elevane har gjort seg kjent med på førehand. Læraren må rettleie undervegs.

Lenkje til kosthaldsplanleggjaren.

Læringsressursar

Samisk mat og kultur

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter