1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Kost til ulike grupperChevronRight
  4. Samisk mat og kulturChevronRight
  5. Samiske grupperChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samiske grupper

Det samiske folket er eit stolt folkeslag som i fleire århundre har levd nært knytte til naturen. Dei har sitt eige språk, sin eigen religion og sin eigen kultur. Dei har levd i dei nordlege delane av dei fire landa Noreg, Sverige, Finland og Russland i mange hundre år, uavhengige av landegrenser og nasjonalitet.

Ein flyttsame sit ved bålet. Foto
Her er flyttsamar frå Alta i full gang med å fortelje historier.

Levemåtar

Samane greidde å utnytte og hauste av naturens rikdom på ein unik måte, og dei levde av det naturen gav. Samane hadde ulike levemåtar alt etter kvar i landet dei budde. Frå Finnmark i nord til Susendal i sør finn vi samiske busetjingar. Samane hadde ulike levemåtar alt etter kvar i landet dei budde.

Sørsamane

Sørsamane er ei fellesnemning på den samiske befolkninga som bur frå polarsirkelen i nord til Hedmark i sør. Dei samiske familiane som heldt til over dette store området, dreiv i all hovudsak med reindrift.

Sørsamiske kofter. Foto
Samane har ulike kofter alt etter kvar dei kjem frå. Her er det to sørsamar som har teke på seg kofta frå sitt distrikt.

Marksamane

Marksamane etablerte seg lengst nord i Nordland og sør i Troms. Dei dreiv med tamreindrift og hadde sommarbeite langs kysten av Noreg, og dei forflytta seg med reinen til innlandet i Sverige om vinteren. Etter kvart etablerte dei seg fast, mellom anna i Skånland i Troms. Der dreiv dei jordbruk, fedrift og noko reindrift.

Sjøsamane

Sjøsamane hadde havet som sitt virke. Dei fleste sjøsamane hadde ein fast buplass der dei òg dreiv med husdyrhald. Sjøsamane budde langs kysten av Finnmark og så langt sør som til Nordland.

Flyttsamane

Flyttsamane har tilhøyrsle på Finnmarksvidda. Sommarbeitet er i Birtavarre frå mai til oktober, og vinterbeitet på vidda frå november til mai. Hovudnæringa til flyttsamane er reindrift.

Lulesamane

Lulesamane kom til Noreg på grunn av hungersnød i Sverige, og busette seg frå Salten og nordover til Ballangen i Nordland. Dei som budde ved havet dreiv jordbruk og fiske, mens dei som budde i innlandet dreiv reindrift, pelsdyrdrift, jakt og innlandsfiske.

Tre personer i Lulesamiske kofter.foto.
Lulesamar kledde i lulesamiske kofter.

Læringsressursar

Samisk mat og kultur

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter