Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Kost til ulike grupperChevronRight
  4. Kost for eldreChevronRight
  5. Oppgåver til «Eldre og ernæring»ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver til «Eldre og ernæring»

Oppgåver til videoen «Eldre og ernæring».

Eldre dame som får hjelp til å koke kaffe. Foto
  1. Skriv ned nokre stikkord om kvar du et, korleis du lagar til maten, og kven du et saman med. Kva måltid set du mest pris på? Grunngi svaret ditt.
  2. Kva kan vere årsaka til at mange eldre ikkje får i seg den maten dei treng?
  3. Ikkje alle synest det er hyggeleg å ete måltida sine saman med andre. Kva kan vere årsaka til det?
  4. Kva skal til for at eldre skal ete både godt og sunt?
  5. Korleis skal vi tenkje når det gjeld kaloriar og næringsinntak for eldre? Grunngi svaret ditt og forklar dette for ein medelev.
  6. Kvifor er det viktig at den maten vi serverer eldre, har mykje energi og lite volum?
  7. Kva er årsaka til at ein ikkje anbefaler eldre å ete lettprodukt?
  8. Nokre eldre har svekt smaks- og luktesans. Kva kan ein gjere for å kompensere for dette tapet? Kva kan smaks- og luktesansen ha å seie for appetitten vår?
  9. Gi døme på kva slags ingrediensar ein kan ha i ein smoothie for at han skal innehalde protein.
  10. Kvifor kan det vere bra å bruke frosen frukt i smoothie?
  11. Kva er årsaka til at poteter og grønsaker bør vere mosa eller godt kokte?
  12. Kva vil du leggje vekt på når du legg mat på tallerken?
  13. Påverkar fargar appetitten vår? Grunngi svaret!
  14. Kva er årsaka til at mange eldre må bli minte på at dei må ete eller drikke?
  15. Nemn nokre forslag til kva ein kan gjere for å få eldre til å ete eller drikke meir.
  16. Kva kan vere forklaringa på at mange eldre blir dehydrerte?

Læringsressursar

Kost for eldre

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter