Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Kost til ulike grupperChevronRight
  4. VegetarkostChevronRight
  5. Vegetar – «grøn dag»ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Vegetar – «grøn dag»

I dette arbeidsoppdraget skal de jobbe med å planleggje, lage og presentere vegetarrettar. Servitøren tek ansvaret for å planleggje og dekkje opp til ein «grøn dag».

Kokker på kjøkkenet. Foto.

Vegankost består berre av vegetabilske matvarer.

Laktovegetarisk kost består av vegetabilske matvarer, og kan i tillegg bruke mjølk og meieriprodukt.

Laktoovovegetarisk kost består av vegetabilske matvarer, og kan i tillegg bruke mjølk, meieriprodukt og egg.

Oppgåve for kokkar

Ulike typer linser ligger i hvert sine rom i et fat. Foto.
Linser har protein av svært god kvalitet. Det vil seie at dei inneheld mange essensielle aminosyrer. Aminosyrer er byggjesteinar i proteinet.
  1. Vel ut ein eller fleire av rettane i lista over vegatarrettar.
  2. Finn oppskrift og framgangsmåte på retten/rettane du skal lage. Tenk næringsverdi når du vel ut oppskrifta! Prøv å bruke ei eller anna belgfrukt i hovudretten (erter, bønner, linser). Nøtter inneheld omega-3 og kan nyttast dersom det passar i retten.
  3. Skriv opp ei bestillingsliste på dei varene du skal bruke i retten. Hugs å gi opp mengde!
  4. Skriv ut oppskrifter – ei til deg sjølv og ei til læraren.
  5. Lag ein arbeidsplan dersom du skal lage fleire rettar.
  6. I kjøkkenøkta utfører du det planlagte arbeidet ditt.

Du skal presentere retten din før måltidet og bør vite dette på førehand

  • Namnet på retten.
  • Hovudråvarer.
  • Næringsverdien i retten.
  • Er det nokon av råvarene som er ekstra næringsrike?
  • Kva for ein av dei tre vegetartypane er retten særleg eigna for? Grunngi svaret ditt!
  • Har du har lært noko, må du gjerne dele det med dei andre.

Vegetarrettar

Vegetarkarbonadar med belgfrukter
Vegetarkarbonadar med rotgrønnsaker
Vegetargryte
Lasagne
Ratatouille
Falafel med fullkorns couscous
Grønnsaksgrateng
Pai
Wok
Brød/rundstykke
Salat
Ein sunn dessert

Oppgåve for servitørar

Et bord som er dekket og pyntet med ville blomster. Foto
Oppdekking og pynting av bord med noko av det ein kan finne i naturen.
  1. Planlegg oppdekking av bord og buffé til eit «grønt måltid».
  2. Ver kreativ og bruk element frå naturen eller noko etande til oppdekking og pynt.
  3. Rettane skal serverast på ein buffé.
  4. Finn oppskrift på ein sunn velkomstdrink/aperitiff. Lag ein arbeidsplan.
  5. Lag ei bestillingsliste.
  6. På praksisdagen lagar du velkomstdrink/aperitiff og utfører det planlagte arbeidet ditt!

Læringsressursar

Vegetarkost

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter