1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Kost til ulike grupperChevronRight
  4. VegetarkostChevronRight
  5. VeganChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vegan

Veganarar et alt som ikkje har animalsk opphav eller inneheld noko som har animalsk opphav. Ein veganar et altså korkje mjølk, egg eller honning til skilnad frå «vanlege» vegetarianarar.

Frukt og grønnsaker. Foto.

Kva er vegan mat?

For at ei matvare, anten ei råvare, halvfabrikata eller eit ferdigprodukt, skal kunne kallast vegansk, må ho vere heilt fri for alle animalske ingrediensar, og heller ikkje ha vore behandla eller framstilt ved hjelp av slike. Dette inkluderer både kjøt, fisk, egg, mjølk, skaldyr, dyrefeitt, honning og absolutt alle andre ingrediensar med animalsk opphav.

Nokre døme:

  • Ei grønsakssuppe på ti liter med berre éin terning kyllingbuljong er altså ikkje vegansk.
  • Ein stor, grønsaksbasert pastarett med berre eit lite dryss parmesan er altså ikkje vegansk.
  • Ein kakao laga berre på soyamjølk, men med kakaopulver med ørlite laktose er altså ikkje vegansk.
  • Ei rawfood-økologisk nøtte- og daddelkake med litt honning er altså ikkje vegansk.

Kva kan ein veganar ete?

Ein typisk vegandiett består grovt sett av: korn/gryn, grønsaker, belgfrukter, linser, nøtter, frø og frukt. Eller med andre ord, masse mat som òg «alle» andre et. Skilnaden ligg kanskje først og fremst i korleis veganarar set saman måltida. For nokon som er vande til å tenkje kjøt og så tilbehøyr, ligg den største utfordringa i å erstatte kjøtet.

Meir om dei ulike matgruppene:

Bønner, linser og belgfrukter

Den absolutt viktigaste proteinkjelda. Bønner er svært allsidige, og særleg soyabønner blir brukte i alt frå pølser til mjølk og tofu. Både linser, bønner og andre belgfrukter kjem i mange fargar og fasongar. Dei blir primært brukte i gryteretter, burgarar, supper og som base for smakfulle pålegg. Rike på dei "bra" karbohydrata og massevis av nyttige vitamin, mineral og fiber.

Ulike typer linser ligger i hvert sine rom i et fat. Foto.
Linser er mykje brukte i eit vegansk kosthald, og finst i mange ulike variantar og fargar.

Korn og gryn

Veganarar et til liks med "alle" andre også brød, ris, pasta, couscous osv. Mjøl og kornprodukt gir både protein, vitamin/mineral og nødvendige karbohydrat.

Grønsaker

Alle har sikkert smakt ihelkokt gulrot og rosenkål utan å bli direkte imponerte. Det fine med grønsaker er at ein enkelt kan variere dei gjennom ulike tillagingsmetodar og ikkje minst med krydder. Så derfor: Wok dei, steik dei i omnen, bak dei eller køyr dei til ein spennande puré. Passar òg bra i burgarar, sausar osv.

Nøtter og frø

Dei fleste et kanskje nøtter mest som snacks eller som eit lett mellommåltid, men i vegetarverda blir dei brukte til langt meir enn nøttesteik. Kjende og kjære produkt som pesto og peanøttsmør er i seg sjølv gode døme. Grovmalne nøtter og frø kan vere med på å gi maten ein spennande tekstur. I finmalen tilstand kan dei òg fungere som eit fortjukkingsmiddel eller rett og slett gjere næringsinnhaldet rikare, til dømes i smoothiar.

Frukt og bær

Veganarar bruker stort sett frukt og bær på akkurat same måte som alle andre. Som mellommåltid, i dessertar/kaker, som syltetøy, i frukostblandingar og i enkelte matretter. Sjølvsagt òg i smoothiar. Frukt og bær er som kjent rike på antioksidantar, fiber og vitamin/mineral.

Ein salat av beter og quinoa. Foto.
Quinoa- og betesalat.

Læringsressursar

Vegetarkost

SubjectEmne

Fagstoff