1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Kost til ulike grupperChevronRight
  4. VegetarkostChevronRight
  5. VegetarismeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vegetarisme

Vegetarisme er eit kosthald utan kjøt og fisk, og eventuelt andre dyreprodukt som egg og mjølk. Dette kosthaldet har blitt praktisert innanfor ulike kulturar over heile verda i fleire tusen år. I dag er det fleire hundre millionar menneske som vel å leve vegetarisk av etiske, samfunnsmessige, miljøvernmessige og dyrevernmessige årsaker.

Illustrasjon av Pythagoras. Foto.
Ein kjend vegetarianar var den greske filosofen og matematikaren Pythagoras (570-500 f.Kr.). Han blei av mange rekna som grunnleggjaren av vegetarismen. Også Hippokrates, legekunstens far, var vegetarianar. Det er frå han vi kjenner ordtaket "maten din er medisinen din, og medisinen din er maten din". Allereie i Bibelen finn vi vegetarkost nemnt.

I dei seinare åra har fleire og fleire gått over til heilt eller delvis vegetarisk kosthald. For eit par tiår sidan blei vegetarianarar rekna som litt originale, nokon raringar som levde på gulrøter og kålblad. I dag er det i mange miljø ei motesak å vere vegetarianar.

Grunnane til at dei har valt denne livsforma, er mange. Religiøse grunnar, helsemessige, ressurssparing og verning av dyr. Opphavleg var frukt, bær, grønsaker, nøtter og korn det mest tilgjengelege for menneska. Det var først mange år seinare at kjøt blei sett på matsetelen.

Kva er vegetarkost?

Menneske som ikkje et kjøt eller fisk er vegetarianarar, men vanlegvis deler vi inn vegetarkost i tre delar, alt etter kva for næringsmiddel som inngår.

  • Vegankost: Eit kosthald som ikkje inneheld nokon matvarer av animalsk opphav.
  • Lakto-vegetabilsk kost: Her inngår mjølk og mjølkeprodukt.
  • Lakto-ovovegetabilsk kost: Her inngår òg egg i tillegg til det som er nemnt ovanfor.
Råkost med kaneldressing. foto.
Råkost inngår ofte i eit sunt, vegetarisk kosthald.

Er vegetarmat helsekost?

"Helsekost" er ofte nemninga som blir brukt om den maten ein vegetarianar et. Det er ikkje alltid rett. Ein kan òg leve usunt på vegetarkost, som òg omfattar potetgull og cola, einsidig kosthald og overkokt mat.

Ein definisjon på helsekost er:

"Fullverdige, vegetabilske næringsmiddel, samansett i rett forhold, laga til på ein skånsam måte slik at næringsverdien er mest mogeleg bevart. Dagleg bruk av råkost inngår som ein viktig del av helsekostbegrepet".

Altså er helsekost ein kost som er gunstig for helsa.

Kva er vegetarisk mat?

For at ei matvare, enten ei råvare, halvfabrikata eller eit ferdigprodukt, skal kunne kallast vegetarisk, må ho vere heilt fri for alle animalske ingrediensar som kjem frå daude dyr, og heller ikkje ha vore behandla eller framstilt ved hjelp av slike. Dette inneber både kjøt, fisk, skaldyr og absolutt alle ingrediensar som har eit slikt opphav.

Derimot er ei matvare vegetarisk om ho inneheld egg eller meieriprodukt, gitt at heller ikkje desse inneheld eller er bearbeidd med ingrediensar frå slaktedyr, slik som animalsk løype (til dømes i pizzaost) eller gelatin (til dømes i lettyoghurt).

Nokre døme:

  • Ein stor paella med berre nokre heilt få reker er altså ikkje vegetarisk.
  • Ein grønsakspizza med ost som inneheld animalsk løype (eit slakteprodukt) er altså ikkje vegetarisk.
  • Ein grønsakspizza med ost utan løype, eller med mikrobiell løype, er derimot vegetarisk.
  • Ei blomkålssuppe med kumjølk er vegetarisk, men ikkje vegansk.

Hugs

  • Animalsk viser til at noko kjem frå dyreverda
  • Vegetabilsk viser til at noko kjem frå planteriket
Ein kokk held ei gryte med grønsakssuppe. Foto.
Ei grønsakssuppe som er tilsett kjøtbuljong, er ikkje lenger vegetarisk.

Læringsressursar

Vegetarkost

SubjectEmne

Fagstoff