Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Menylære og dei ulike menytypaneChevronRight
  4. BufféChevronRight
  5. TapasbordChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tapasbord

Tapas har blitt meir og meir vanleg i Noreg i seinare år. Tapas kjem frå Spania og byr på mat med mykje smak. Ordet tapas betyr å «dekkje til» eller «deksel» på spansk. Dette er ei nemning på små kalde eller varme rettar som opphavleg blei ete med eit glas vin til, som eit lite mellommåltid.

Tapas består av mange små rettar og byr på noko for ein kvar smak. Det er vanskeleg å si eksakt kva som skal vere på eit tapasbord, men nokre rettar går igjen.

Tapasrettar

  • Spekemat som chorizo og serranoskinke
  • Albondigas, spanske kjøtbollar
  • Skaldyr i ulike variantar
  • Marinert kylling
  • Tortilla, spansk omelett med potet
  • Ei assortert osteanretning
  • Gazpacho, spansk tomatsuppe
  • Lefser fylte med spekeskinke
  • Små poteter med krydder
  • Dadlar i bacon

Tilbehøyr

Bilde av brød, smør, dressing, oliven og tapenade. Foto.
Brød og smør, aioli, tapenade og oliven er godt tilbehøyr til tapas.

Brød: godt og smakfullt brød
Smør: ulike typar smør eller margarin, og gjerne lettmargarin for dei som ønskjer dette Saus: ulike typar dressingar som aioli, tapenade og olje/eddikdressingar
Salatar: som tomatsalat, grøn salat, pastasalat
Oliven: eit utval av ulike typar oliven
Nøtter: salte og rista nøtter

Mengdeutrekning

Bilde av en chorizopølse på en kniv, og et glass sherry. Foto.
Den elegante og kraftige smaken i sherry passar godt saman med krydra mat.

Kor mykje mat ein skal rekne, er avhengig av kor stort tapasbordet er, og mengde kjøt og fisk avheng av tilbehøyret. Rekn om lag 500–600 g mat per person inkludert tilbehøyr.

Meir om mengdeutrekning..

Drikke

Sherry, øl, lett raudvin eller fyldig kvitvin kan passe til.

Meir om drikke til tapas på vinmonopolet.no.

Alkoholfritt: Eplemost, isvatn og mineralvatn.

Læringsressursar

Buffé

SubjectEmne

Fagstoff