Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Menylære og dei ulike menytypaneChevronRight
  4. BufféChevronRight
  5. SkaldyrbordChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skaldyrbord

Skaldyrbord er kanskje ein av dei enklaste måtane å servere eit lekkert og godt måltid til mange menneske på. Skaldyr er populær og delikat mat, og kan serverast ved dei fleste høve. Norske skaldyr er i særklasse og eignar seg godt på eit skaldyrbord med passande tilbehøyr.

Ulike typar skaldyr på eit bord. Foto.

Når ein serverer skaldyr er det viktig å tenkje på temperaturen. Skaldyr er mat som lett blir skjemd, og dei blir fort øydelagde om dei blir ståande varmt for lenge. Ekstra skåler på bordet der gjestane kan leggje frå seg skal og avfall kan vere lurt.

På eit skaldyrbord er det vanleg å servere:

  • Ferske reker
  • Dampa blåskjel
  • Fylte krabbeskjel
  • Skaldyrkabaret
  • Skaldyrsalat m/dressing

Ofte kan ein òg supplere med ein eller fleire ulike type variantar av:

  • Østers
  • Kongekrabbe, kokt eller gratinert
  • Tillaga kamskjel
  • Sjøkreps
  • Hummar
  • Skaldyrsuppe
  • Fiskesuppe
  • Silderettar
  • Patéar og terrinar
  • Ekstra skaldyrsalat

Tilbehøyr

Brød: loff og gjerne andre typar, smaksette, grove og fine.
Smør: ulike typar smør eller margarin, og gjerne lettmargarin for dei som ønskjer dette.
Sausar: majones, aioli, rømmesausar, pesto.
Grønsaker: sitron skoren i båtar, ein frisk grøn salat.
Kokt egg: er godt som tilbehøyr til skaldyr.

Mengdeutrekning

Rekn som elles om lag 500–600 gram per person, der om lag 250–300 er skaldyr (utan skal). Dette varierer etter kva ein serverer. Vanlegvis reknar ein òg 1/2 hummar per person når det er på bordet.

Drikke

Ein frisk kvitvin passar godt til. Elles passar pils godt til reker.

Alkoholfritt: Isvatn, eplemost og anna mineralvatn.

Hugs

Skaldyr er mat som blir lett skjemd, og dei blir fort øydelagde om dei blir ståande for varmt for lenge.

Videoer

Kamskjel med kvitvin

Hummar med champagne

Kongekrabbe med kvitvin

Læringsressursar

Buffé