Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Menylære og dei ulike menytypaneChevronRight
  4. MenytypeneChevronRight
  5. Dagens menyChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dagens meny

Dagens meny fortel kva for tilbod serveringsstaden har i tillegg til dei faste tilboda som à la carte-meny, lunsjmeny, smårettliste og liknande. Dagens meny er som namnet tilseier ein meny som vekslar frå dag til dag.

Kokk skriver opp dagens økologiske meny på en tavle. Foto.

Ulike tilbod innanfor dagens meny

Innanfor dagens meny kan ein finne mange ulike tilbod. Det kan vere dagens lunsjmeny eller dagens middagsmeny som gjerne er ein fast meny på frå to til fire rettar, der gjestene sjølve vel kor mange rettar dei ønskjer.

Det kan òg berre vere ein lunsjtallerken som blir tilbydd som dagens lunsj. Ein lunsjtallerken kan vere ein liten kaldtanretning, ein fiskerett eller ein kjøtrett. Somme har ein dagens rett, som dei brukar både til lunsj og middag. Dette er gjerne ein rett som det tek kort tid å lage, og som ein gjerne anbefaler til gjestar med avgrensa tid.

Dagens meny har mange fordelar

Fordelen med å ha ein dagens meny, er at kjøkkenet har stor valfridom. Dersom kjøkkenet har store mengder av ei bestemt råvare på lager, kan dagens meny vere eit godt tilbod som gjer at kjøkkenet får brukt opp denne råvara. Kanskje har kjøkkenet fått tilbod om eit parti med overmodne tomatar til ein gunstig pris som dei ønskjer å tilby som dagens rett; tomatsuppe. Eller kjøkkensjefen har komponert ei ny oppskrift som dei ønskjer å prøve ut blant gjestene før dei set ho på den faste à la carte-menyen. Dagens meny kan gi stamgjester som vitjar serveringsstaden regelmessig, meir å velje i.

Døme på dagens meny

Her ser de eit døme på dagens meny frå Hovden Alpin Lodge, der gjestene sjølv vel kor mange retter dei ønskjer.

Bilete som viser dagens meny ved Hovden Alpin Lodge.

Læringsressursar

Menytypene

SubjectEmne

Fagstoff