Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Menylære og dei ulike menytypaneChevronRight
  4. MenytypeneChevronRight
  5. BarnemenyarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Barnemenyar

Barna bør òg prioriterast i menyplanlegginga. Her skal vi sjå på korleis ein barnemeny kan setjast saman.

Bilete av eit barn som et kylling

Barn må prioriterast i ein meny

Bilde av en tallerken med hamburger og pommes frites, og en liten bil ved siden av. Foto.
Typisk barnemeny ein ofte finn på serveringsstader.

Det er viktig at vi kan tilby mat til alle aldersgrupper. Det er stadig fleire småbarnsforeldre som går på restaurant. Ein bør ta barna på alvor og prioritere dei i menyen. Tradisjonelt sett har utvalet til barn stort sett bestått av pommes frites, hamburgarar og pølser. Dette er mat som mange barn likar, men som i liten grad gir dei høvet å smake på andre typar mat. Dersom vi ønskjer at barna skal få eit positivt forhold til sunn og god mat, må det andre rettar enn berre pølser på menyen. Mange stader tilbyr halv porsjon av dei vanlege rettane på menyen. Dette kan vere svært positivt, barna får på denne måten høvet til å smake på mange ulike typar mat. Vi skal ikkje undervurdere barna sin smak, ofte likar dei meir enn vi trur.

Det er likevel mange barn som ikkje har dei same smakspreferansane som vaksne, og som helst vil ha råvarer med reinare smakar. Mange restaurantar vel difor å setje opp ein eigen barnemeny. Rettane til barn bør vere passeleg store. Maten bør ikkje vere sterkt krydra, eller smakt til med sterk vin eller brennevin. Barn kan òg vere skeptiske til skaldyr og grønsaker med svært kraftig smak.

Appeller til barna

Når ein set saman barnemenyane kan ein gjerne vere litt kreativ, bruke fargar og figurar som appellerer til barn. Mange restaurantar har teiknesaker, ballongar og liknande som ein kan aktivisere barna med til maten er på bordet. Barna sine rettar bør prioriterast slik at dei får maten først på bordet.

Skjermdump av barnemeny ved hotellkjeda Scandic.

Læringsressursar

Menytypene

SubjectEmne

Fagstoff