Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Menylære og dei ulike menytypaneChevronRight
  4. MenylæreChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Arbeidsoppdrag menylære

To biffer  på fjør, kokkekniv og notatblokk på et bord.foto.

Informasjon om oppgåva

Denne oppgåva består av ein teoretisk del, der du skal setje opp ein tre rettars selskapsmeny, og ein praktisk del der du skal lage menyen og presentere han.

De blir vurderte etter:

  • Heilskapleg inntrykk av menyen (til dømes om han passar til anledninga, val av råvarer, menyspråket).
  • Smak og konsistens på maten.
  • Variasjon i smak, fargar og metodar for tillaging.

Målet med oppgåva er at du skal

  • Vise at du kan skrive ein korrekt meny ved hjelp av menynøkkelen
  • Vise at du kan bruke eit godt, norsk menyspråk
  • Vise at du kan planleggje og lage til ein velsmakande meny
  • Vise at du kan presentere ein meny

Oppgåve

Du jobbar som kjøkkensjef på Grand Hotell. Du har fått førespurnad om å lage ein tre rettars selskapsmeny til ei gruppe som skal feire 50-årsdag. Verten ønskjer eit forslag til meny som kan passe, og forslag til drikkevarer. Selskapet skal arrangerast i september, og det har ein middels prisklasse.

Person som skriv på laptop

Teoretisk del

  1. Bruk menynøkkelen og set opp eit forslag til meny. Set òg opp forslag til drikkevarer som kan passe til menyen. Grunngje vala dine. Tenk på menyspråket du brukar.
  2. Finn oppskriftene du treng, og skriv ei bestillingsliste over kva for varer du skal ha. Menyen skal tilpassast fire personar. Skriv ein arbeidsplan.
  3. Korleis vil du dekkje opp til denne menyen? Og kva for serveringmåte vel du?
Kokk legg opp mat på tallerken inne på eit kjøkken. Foto.

Praktisk del

  1. Du skal dekkje bord etter kva for oppdekking du har valt, og pynte det slik du sjølv ønskjer. Dette kan du gjerne gjere dagen før.
  2. Du skal no lage til menyen din og leggje opp maten etter vald serveringsmåte. Tidspunkt for servering skal avtalast med lærar. Presenter menyen for læraren, medelevar og eventuelle gjester.

Læringsressursar

Menylære