Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Menylære og dei ulike menytypaneChevronRight
  4. MenylæreChevronRight
  5. Setje opp ein meny etter menynøkkelenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Setje opp ein meny etter menynøkkelen

Det er mykje å ta omsyn til når ein skal komponere ein meny. Her ser vi på korleis ein byggjer opp ein meny etter menynøkkelen.

Andebryst med søtpotetmos.

Omsyn å ta

Når vi set opp ein meny etter menynøkkelen, må vi ta visse omsyn.

Forrett, kald

Unngå å bruke sterke røykte eller salta rettar, då desse vil forstyrre smaksorgana. Har menyen to rettar før hovudretten, bør den eine vere kald og den andre vere suppe.

Hovudrett

Dersom ein meny har to hovudrettar, skal den første vere fisk og den andre kjøt.

Mellomrett

Ein meny med mellomrett krev to hovudrettar

Dessert

Dersom menyen berre inneheld ein dessert, bør denne vere søt. Inneheld menyen to dessertar, bør den første vere ost og den andre søt, eller søt dessert og frukt.

Rekkjefølge

Dei ulike delane i retten bør stå i denne rekkjefølgja:

1. Hovudråvare med tillaginingsmetode
2. Garnityr
3. Saus
4. Poteter

Korleis begynner vi?

For at samansetjinga i menyen skal vere gjennomtenkt, bør ein arbeide ut frå denne rekkjefølgja:

Rekkefølge med eksempel på meny

  1. Vel først hovudråvare og korleis ein skal lage til hovudretten.
    • Stiekt andebryst.
  2. Vel forrett eller suppegruppe.
    • Purésuppe.
  3. Vel saus til hovudretten og set saman mettingsgarnityr og tillaging av grønsaker til hovudrett.
    • Solbærsaus, sellerikrem, raudkål, glaserte sukkererter og bakte småpoteter.
  4. Vel eventuelt suppe ut frå punkt 2. Hugs å velje ulikt garnityr i suppa og i hovudretten, og at suppa ikkje har lik farge som sausen i hovudretten.
    • Jordskokksuppe med steikte kamskjel.
  5. Vel dessert. Unngå kremdessert dersom du vil servere fleire rettar med fløyte.
    • Chilibakt ananas, kokossorbet.
  6. Set saman eventuelle andre rettar.

Ferdig meny

Tre retters meny. Foto.

Læringsressursar

Menylære