Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Menylære og dei ulike menytypaneChevronRight
  4. MenylæreChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Forslag til å setje saman rettar i menyar

Her kjem nokre forslag til korleis ein kan setje saman rettar i menyar av ulik storleik, basert på menynøkkelen.

Kokker legger opp mat på mange tallerkener. Foto.

Ein rett

Retten til eit hovudmåltid som lunsj, middag eller supé er alltid ein hovudrett av fisk eller kjøt med tilbehøyr.

To rettar

Første rett: hovudrett fisk eller kjøt med tilbehøyr

Andre rett: søt dessert, frukt eller ost

Tre rettar

Første rett: kald forrett, suppe eller varm forrett

Andre rett: hovudrett fisk eller kjøt med tilbehøyr

Tredje rett: søt dessert, frukt eller ost

Fire rettar

Første rett: kald forrett, suppe eller varm forrett

Andre rett: suppe, varm forrett, hovudrett fisk, varm eller kald mellomrett

Tredje rett: hovudrett fisk eller kjøt med tilbehøyr

Fjerde rett: søt dessert, frukt eller ost

Fem rettar

Første rett: kald forrett, suppe eller varm forrett

Andre rett: suppe, varm forrett, hovudrett fisk, varm eller kald mellomrett

Tredje rett: hovudrett fisk eller kjøt, varm eller kald mellomrett

Fjerde rett: hovudrett kjøt eller grønsaksrett

Femte rett: søt dessert, frukt eller ost

Ovnstekt torsk
Ovnstekt torsk, tips til hovudrett?

Seks rettar

Første rett: kald forrett, suppe eller varm forrett

Andre rett: suppe, varm forrett eller hovudrett fisk

Tredje rett: hovudrett fisk, varm eller kald mellomrett

Fjerde rett: varm eller kald mellomrett, kvilerett eller hovudrett kjøt

Femte rett: hovudrett kjøt eller grønsaksrett

Sjette rett: søt dessert, frukt eller ost

Sju rettar

Første rett: kald forrett, suppe eller varm forrett

Andre rett: suppe eller varm forrett

Tredje rett: hovudrett fisk, varm eller kald mellomrett

Fjerde rett: varm eller kald mellomrett

Femte rett: kvilerett eller hovudrett kjøt

Sjette rett: hovudrett kjøt, grønsaksrett, søt dessert

Sjuande rett: søt dessert, frukt eller ost

Åtte rettar

Første rett: kald forrett, suppe eller varm forrett

Andre rett: suppe eller varm forrett

Tredje rett: hovudrett fisk, varm eller kald mellomrett

Fjerde rett: varm eller kald mellomrett

Femte rett: kvilerett eller hovudrett kjøt

Sjette rett: hovudrett kjøt eller grønsaksrett

Sjuande rett: grønsaksrett eller søt dessert

Åttande rett: søt dessert, frukt eller ost

Hugs

  • Til forrett bør ein unngå sterke, røykte eller salta rettar.
  • Dersom ein meny har to hovudrettar skal den første vere fisk og den andre kjøt.
  • Dersom menyen berre inneheld ein dessert bør denne vere søt.
Tallerken med middagsrett, stettglass med vin og serviett på restaurantbord.foto
Mat og vin er ein god kombinasjon.

Læringsressursar

Menylære