Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Menylære og dei ulike menytypaneChevronRight
  4. MenylæreChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Menyspråket

Det er ikkje tilfeldig korleis ein skriv ein meny. Her skal vi sjå på kva for retningsliner som gjeld for menyspråket.

Bilete av mann og kvinne som sit på ein restaurant og studerer ein meny. Foto.
Gjestene må forstå kva dei les i ein meny.

Bruk av språket

Korleis skal vi bruke språket når vi skriv ein meny? Fagspråket som blir nytta innan kokk- og servitørfaget, har mange ord og uttrykk av utanlandsk opphav. Når vi jobbar i denne bransjen, brukar vi sjølvsagt desse orda når vi snakkar saman om maten, råvara, tillagingsmetoden og liknande. Det er ikkje sjølvsagt at gjestene våre forstår dette faglege språket. For at gjestene skal forstå kva som blir servert, må vi bruke eit norsk menyspråk med god, norsk rettskriving. Mange faguttrykk og utanlandske skildringar i menyen høyrest kanskje svært eksklusivt ut, men ein kan risikere å skremme bort gjestene. Dersom gjestene ikkje forstår kva som er omtalt i menyen, vil de kanskje ikkje ønskje å bestille noko. Målet med ein meny er jo nettopp å skildre det serveringsstaden tilbyr, og lokke kundane til å bestille noko frå menykartet.

bilde av Lutefisk med tilbehør, poteter, ertestuing og stekt bacon
Lutefisk med grøn ertepuré eller petit pois-puré? Kva trur du er enklast for gjestene å forstå?

Menyen gir informasjon om produkta til serveringsstaden, men kan òg innehalde historier eller informasjon om konseptet eller nærområdet.

Felles retningsliner

Når vi skriv ein meny, finst det ein del felles retningsliner:

  • Bruk eit språk som dei fleste forstår. Dei færraste blir imponerte av menyar med mange framandord og faguttrykk. Det er lettare å forstå «grøn ertepuré» enn «petit pois-pure».
  • Følg norske rettskrivingsreglar. - Bruk ein skrifttype og ein skriftstorleik som er lett å lese for alle.
  • Unngå å bruke fersk, frisk eller ekte. Gjestene våre føreset at vi bruker ferske råvarer.
  • Menyteksten skal skrivast i eintal, til dømes omnsbakt lammeskank, ikkje lammeskankar.Serverer vi fleire einingar av ei vare som til dømes kjøtbollar, skal det stå i fleirtal.
  • Dersom vi bruker internasjonale rettar, bør vi kome med ei forklaring. Står det Osso bucco, bør vi skrive at dette er ein klassisk italiensk rett som består av grytekokt kalveskank smakt til med vin og urter.
  • Unngå for mykje bruk av orda «og», «med». -Skriv gjerne kva for del av dyret som blir brukt, til dømes indrefilet av okse, ikkje berre oksekjøt.
  • Person- og eigennamn i ein rett skal ikkje endrast dersom ein omset eller endrar menyen.
  • Ikkje bruk forkortingar
  • Når ein set opp menyen, skal ein først skrive hovudråvara med tillagingsmetode, deretter kjem garnityret, sausen og til slutt potetene.
  • Menyspråket bør vere tilpassa serveringsstaden sin profil. Dersom serveringsstaden satsar på lokal mat, er det naturleg at menyspråket speglar dette, til dømes ved at ein ikkje berre skriv lammelår, men lammelår frå Myrhaug gard.
Gryte med Osso Bucco. Foto.
Osso Bucco er ein italiensk spesialitet, og bør forklarast i ein meny.

Læringsressursar

Menylære