Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Økonomi og salChevronRight
  4. Etikk og miljøChevronRight
  5. MatsvinnChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Matsvinn

Det vi kastar av mat i Noreg, kunne ha gitt tilstrekkeleg næring til rundt fem millionar menneske, ifølgje matforskingsinstituttet Nofima.

Forbrukar Marius Dalen medgir at det vert litt matsvinn heime, men han prøver likevel å unngå det. I videoen ser du korleis.

Kva er matsvinn?

Styresmaktene definerer matsvinn som «mat som vert kasta, men som på eit tidspunkt kunne eller skulle ha vore eten av menneske, til forskjell frå uunngåeleg matavfall som bein, skal, produksjonsrestar og liknande».

Mål om å redusere matsvinn

No har styresmaktene og matbransjen skrive under ein intensjonsavtale om å redusere svinnet av mat. Initiativet skal medverke til å redusere miljø- og ressursproblema knytte til matsvinn i Noreg og fremje ei betre utnytting av maten.

Fakta om matsvinn

Kvar og ein av oss kastar i snitt 42,6 kilo mat i året – kvar femte berepose vi fyller opp og tek med heim, ifølgje miljøstatus.no. Og då er ikkje svinn i landbruket og det som vert kasta frå restaurantar og institusjonar teke med i berekninga.

Matvett AS, som jobbar med å førebyggje og redusere matsvinn, har kartlagt kvar matsvinnet skjer. Ifølgje Matvett var matsvinnet på 390 000 tonn i 2018, og det fordelte seg slik:

  • 225 600 tonn hos forbrukarane
  • 79 800 tonn i matindustrien
  • 62 050 tonn i daglegvarehandelen
  • 17 600 tonn hos hotellar, kantiner og i KBS (kiosk-, bensin- og servicehandel)
  • 5850 tonn i grossistleddet

Kjelde: miljøstatus.no og matvett.no

Vil du vite meir om avtalen mellom matbransjen og styresmaktene, kan du lese artikkelen Bransjeavtale om matsvinn hos matvett.no.

Tallerken med matrestar. Foto
Restaurantbransjen må også finne måtar å redusere avfallsmengda på. Her går mykje næringsrik mat tapt.

Læringsressursar

Etikk og miljø

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?