1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Økonomi og salChevronRight
  4. Etikk og miljøChevronRight
  5. Vi forskar på framtidsmatenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vi forskar på framtidsmaten

Matmangel, klimaendringar og matrelaterte helseproblem gjer at matvanane våre endrar seg raskare enn før. Snart kjem vi til å kjøpe karamelliserte grashopper i daglegvarebutikken på hjørnet.

Dette er saka

  • Underernært baby. Foto.
    Høge matvareprisar og naturkatastrofar som tørke og flaum fører til at det framleis er 850 millionar underernærte menneske i verda.
    FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO) trur at verda må produsere 70 prosent meir mat for å dekkje behovet fram til 2050.
  • Om nokre få år kjem matmangel, klimaendringar og helseproblem til å presse fram ein heilt ny matkvardag i Noreg.
  • NCE Culinology arbeider med innovasjon, kunnskapsutvikling og samarbeid i matbransjen og held til i Måltidets Hus i Stavanger.
  • Forskingsdagane har i 2012 tatt for seg framtidsmaten.
  • Den 16. oktober markerer folk over heile verda FNs matdag.

Tenk over

Korfor er det greitt å ete rype og and, men ikkje svane og kråke?

FNs matdag

Kvar år den 16. oktober markerer FN matdagen. FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO) oppretta merkedagen i 1979 for å minne om at det framleis er mange som svelt i verda. På verdsbasis er svolt og feilernæring den største helsetrusselen, og FN har i tusenårsmålet sitt prioritert utrydding av svolt som det aller viktigaste.

Fakta om matforsking og teknologi

Matforskning
Eitt av måla med å forske på mat og matteknologi er å finne fram til kortreiste og rimelege råvarer, som det er mogleg å produsere i store volum utan å tære på jordressursane.

Forsking og teknologiske framsteg kan føre til at vi endrar matvanane våre på fleire måtar.

Tryggare mat med betre lagringsevne

Ny teknologi som Keep-It og Smart Tag gjer det mogleg å seie meir om kor lenge eit produkt kan halde seg, ut frå kor varmt eller kaldt det har vore der vara har vorte lagra.

Utvida horisont

Vi hentar heim råvarer og metodar frå resten av verda og tilpassar dei til norske tilhøve.

Sunnare innhald

Det er mogleg å isolere komponent i maten som er gunstige for helsa, og tilsetje dei i maten, mens vi kan erstatte usunne matkomponent med sunnare alternativ.

Betre smak

Nye smakssamansetningar og kombinasjonar av råvarer.

Delikat tekstur og utsjånad

Mange synest at mat som elles er næringsrik og smakfull, er udelikat viss han er slimete eller geléaktig. Gastrofysiske metodar kan bidra til å endre tekstur på råvarer slik at vi syns maten smaker betre.

Pakking og varmebehandling

Vitskapelege studiar av blant anna pakking og varmebehandling av mat gir oss stadig betre metodar for å lage mat som gir ei optimal smaksoppleving.

Kjelde: NCE Culinolgy

Viste du at ein del forskarar meiner at kan løyse fleire globale problem samtidig ved å ta i bruk insekt, som inneheld mykje protein, som mat? Med insekt på menyen kan vi løyse matkrisa, redusere klimagassutsleppa kraftig og frigjere vatn og landareal som i dag blir brukte til matproduksjon.

Grillspyd med fritterte larver ligger på et brett. foto.
Delar av Sør-Amerika, Asia og Afrika er larvar, tarantellar, grashopper og andre insekt ein vanleg del av kosthaldet. Snart kan det bli ein del av vårt kosthald også.

Drøft i klassen

  • Kva er matforsking?
  • Kva er svolt?
  • Kva er forskjellen på underernæring og feilernæring?
  • Kva rolle kan matforskinga spele i kampen mot svolt?
  • På kva måte kan matforskinga vere med på å gi oss betre helse?

Læringsressursar

Etikk og miljø

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter