Mobbing, trakassering og diskriminering som går føre seg på arbeidsplassen eller skulen, kan gi store helseproblem. Her får du ei innføring i kva vi meiner med omgrepa. Kva kan gjerast for å hindre slik krenkjande framferd?

Kva er mobbing


Mobbing blir brukt om situasjonar der ein person over lengre tid blir utsett for negative handlingar frå andre personar i nærmiljøet, og der den som blir ramma, har vanskeleg med å forsvare seg mot handlingane.
Usemje og konfliktar mellom personar kan vere mobbing, eller dei kan utvikle seg til det. Ofte startar mobbinga i det små og utviklar seg litt etter litt.
Undersøkingar viser at mobbing kan gå føre seg i fleire år utan at nokon gjer noko med det. Utsiktene for mobbeofferet er ikkje gode dersom ingen grip inn i tide for å stanse trakasseringa.
Ein har spurt mange mobbeoffer om kva hjelp dei fekk då dei tok kontakt med kollegaer, leiarar eller tillitsvalde. Dei fleste av dei opplevde at det var lite hjelp å få. Somme peiker spesielt på at leiinga ikkje gjorde nokon ting.
Arbeidsmiljølova bruker ikkje omgrepet mobbing direkte, men det blir dekt av omgrepet trakassering.
Krenkjande framferd
Forskrifta i arbeidsmiljølova handlar om meir enn mobbing. Mobbing, vald, rasisme og diskriminering er berre eksempel på «krenkjande ord eller handlingar». Lova gjeld også andre former for krenkjande ord eller handlingar, for eksempel negative, enkeltståande utsegner om utsjånad, klede, tru, dialekt osv.
- Mobbing: Ein person blir mobba når han eller ho gong på gong og over tid blir utsett for negative handlingar frå ein eller fleire personar.
- Diskriminering vil seie at ein person blir dårlegare behandla eller trakassert, for eksempel på grunn av kjønn, funksjonshemming, trusvedkjenning, hudfarge, nasjonalt eller etnisk opphav. Diskrimineringa kan vere både direkte og indirekte.
- Rasisme omfattar diskriminering på grunn av «rase», hudfarge eller nasjonalt eller etnisk opphav.
Personar som opplever å bli utsette for mobbing, vald, rasisme eller ulike former for diskriminering, skal kunne lite på at skulen eller arbeidsplassen tek problema deira på alvor. Både skulen og arbeidsgivaren skal, eventuelt i samarbeid med andre styringsorgan, setje i verk nødvendige tiltak for å stanse slik mobbing og diskriminering.
Gruppeoppgåve
Ta utgangspunkt i definisjonane av mobbing, diskriminering og rasisme. Gi døme frå nærmiljøet ditt på krenkjande åtferd. Drøft og gi døme på korleis vi kan/bør reagere på slik åtferd.
Hugselapp
- Mobbing vil seie at ein gjentekne gonger og over tid blir utsett for negative handlingar frå andre personar.
Læringsressursar
Lover og reglar
Fagstoff
Lov- og regelverk
KjernestoffMatlova
KjernestoffServeringslova
KjernestoffAlkohollova
KjernestoffSkjenking
KjernestoffArbeidsmiljølova
KjernestoffSpelereglar i arbeidslivet
KjernestoffHMS
KjernestoffHMS og internkontrollsystem
KjernestoffDet psykososiale arbeidsmiljøet
Kjernestoff- Kjernestoff
MobbingDu er her
Stress
KjernestoffDet fysiske arbeidsmiljøet
KjernestoffTryggleik
KjernestoffVerneutstyr
KjernestoffErgonomi
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Lover og reglar – kva har du lært?
KjernestoffKva hugsar du om ergonomi?
KjernestoffHMS-spelet
KjernestoffErgonomi i arbeidet
Kjernestoff