Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Økonomi og salChevronRight
  4. Lover og reglarChevronRight
  5. StressChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Stress

Stress kan gi store helseproblem. Her får du ei innføring i kva vi meiner med stress, i årsaker og verknader. Kva kan vi gjere for å redusere helseproblema og andre uheldige verknader av stress?

Travel servitør på kafé . Foto.

Stress på arbeidsplassen

En kokk tilbereder mat på mange fat samtidig. Foto.
Det kan vere mange bestillingar og mykje stress når ein jobbar som kokk eller servitør.

Høgt stressnivå er ei vanleg årsak til nedsett produksjon. For mykje stress gjer oss mindre effektive. Ifølgje Arbeidstilsynet opplever kvar tredje norske arbeidstakar stress knytt til arbeidet. Mange kan oppleve det som positivt å ha det travelt i eit hektisk arbeidsmiljø. Presset kan likevel bli større enn vi kan handtere.

I kokk- og servitørfag er stress eit vanleg problem. Arbeidsmiljøet kan vere hektisk og prega av høgt tempo. Det kan vere mange bestillingar på ein gong, og ein må halde hovudet kaldt. Ein må kunne gi beskjedar og takle fleire oppgåver samtidig.

Kva er eigentleg stress?

Biologisk sett handlar stress om korleis kroppen reagerer på belastingar. På ein måte er stress kroppen sitt forsvar når vi føler oss truga eller blir utsett for store belastingar. Stress blir brukt både om årsakene til og verknadene av press og påkjenningar. Vi har alle ei grense for kva vi toler av ytre press og påkjenningar før vi opplever situasjonen som stressande.

Dersom stresset varar ved, kjem vi inn i ein vond sirkel – stresskjensla aukar meir og meir, og stressreaksjonen blir sterkare og sterkare. Dei som opplever stress i lange periodar kan utvikle alvorlige fysiske og psykiske helseproblem.

Symptom på stress er:

  • manglande lyst til å gå på jobb
  • vanskeleg for å konsentrere seg
  • meir irritabel, frustrert og kjenslemessig ustabil
  • mageproblem og manglande appetitt

Om ein blir utsett for stress over lang tid kan ein oppleve:

  • hovudverk
  • nakke-, skulder- og ryggsmerter
  • svimmelheit
  • at ein blir trøytt, og får problem med å sove
  • angst og depresjon
  • å bli utbrend
  • hjarte-karsjukdom

Å redusere stress på arbeidsplassen

To glade kokker holder rundt hverandre på et kjøkken. Foto.
Det hjelper med støtte og omsorg frå gode kollegaer.

Redusert stress gir høgare effektivitet og mindre sjukefråvær, og dermed auka arbeidsglede og betre helse. Psykologar hevdar at sosial støtte dempar reaksjonane på stress. Det er vanleg å skilje mellom fire former for sosial støtte:

  1. Kjenslemessig støtte – vise interesse, omsorg og merksemd.
  2. Oppgåvestøtte – rettleie og hjelpe til med å løyse problem og oppgåver.
  3. Informasjonsstøtte – informere om og forklare kva som skjer ved omorganisering, nedbemanning og i krisesituasjonar.
  4. Praktisk støtte – gi pengar, råd og hjelp i kvardagslege situasjonar (Kjelde: Kaufman og Kaufman, 2003).

Eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer kan ta initiativ til å førebyggje og dempe stress. For ein arbeidsleiar er det ei viktig oppgåve å skape eit arbeidsmiljø som tek vare på helse, miljø og tryggleik. Dersom det er tale om psykiske eller psykososiale forhold i arbeidsmiljøet, kan vi prøve å betre samarbeidet.

Gruppeoppgåve

Stress på arbeidsplassen

Drøft og gi døme på årsaker til og verknader av stress på arbeidsplassen eller på skulen.

Hugselappen

Ein person opplever stress når det blir stilt større krav i jobben eller på skulen enn det dei er i stand til å takle.

Læringsressursar

Lover og reglar