Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Økonomi og salChevronRight
  4. Lover og reglarChevronRight
  5. Det psykososiale arbeidsmiljøetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Det psykososiale arbeidsmiljøet

Arbeidsmiljølova krever at arbeidsmiljøet skal vere fullt forsvarleg med omsyn til faktorar som kan verke inn på arbeidstakarane si fysiske og psykiske helse og velferd (AML §4-1). Bedrifta har ansvaret for å vareta det fysiske og psykososiale arbeidsmiljøet.

Fem glade kollegaer. Foto.

Det gode arbeidsmiljøet

For mange står trivsel på jobben høgt på ønskelista. Både familie, helse og økonomi er mindre viktig enn jobbtilfredsheit for å skape eit godt liv. Det viser ei europeisk undersøking blant arbeidstakarar.

Les artikkelen "Kjedeleg jobb drep livsgleden" på forsking.no.

Forholdet til kollegaene har mykje å seie for trivselen vår. Dersom vi har ein vennleg tone, samarbeider godt og fordeler arbeidsoppgåvene rettferdig opplever vi gjerne meir arbeidslyst, og blir mindre stressa. Psykisk og fysisk helse heng nært saman.

Det er godt dokumentert at det totale arbeidsmiljøet har mykje å seie for motivasjon, helse, sjukefråvær, trivsel og produksjon. Eit godt arbeidsmiljø må derfor ha god balanse mellom medarbeidarane sine personlege behov og verksemda (bedrifta) sine ønskje og behov.

Helsefremjande arbeidsplassar

Arbeidsmiljølova slår i § 1-1 fast at arbeidsmiljøet skal vere helsefremjande: «Lovens formål er å sikre et arbeidsmiljø som gir grunnlag for en helsefremmende og meningsfull arbeidssituasjon.»

Ein triveleg, trygg og sikker arbeidsplass er eit godt utgangspunkt for ein helsefremjande arbeidsplass.

Når vi jobbar saman med nokon vi trivs med, opplever vi jobben som god, og arbeidsplassen er god for helsa. Når samarbeidet med arbeidskameratar eller leiarar er dårleg, opplever vi jobben som vanskeleg. Arbeidsplassen kan bli helsebelastande og føre til sjukdom og skader, låg effektivitet og misnøgde kundar.

Video frå Idébanken.org om helsefremmende arbeidsplassar

Helsefremjande arbeidsplassar er lønnsamt for alle

Det er arbeidstakarane som syter for produksjon, effektivitet og kvalitet i arbeidet. Ein arbeidsplass som verkar helsefremjande er dermed lønnsamt for både arbeidstakaren og arbeidsgivaren.

Alle må derfor medverke til å skape den gode, trygge og sikre arbeidsplassen. Ein trivelig arbeidsplass blir òg kjenneteikna ved at konfliktar, anten dei er mellom tilsette eller med leiar, blir løyste mens dei er små. Kort sagt kan vi seie at dårlege kollegaer og leiarar er ein helserisiko, mens gode leiarar og gode kollegaer fremjar god helse.

Medverknad

Det er viktig å kjenne at ein har innverknad på sin eigen arbeidsplass og høve til å påverke sitt eige arbeid. Involvering kan dermed verke helsefremjande.

Meistring og utvikling

Arbeid og oppgåver som blir opplevd som meiningsfylte, som ein forstår og kan handtere, kan medverke til at ein opplever arbeidsplassen som ein god stad å vere. Du meistrar arbeidet ditt, og opplevere ikkje at krava er for store. Samtidig må ein også ha høve til å utvikle seg slik at ein ikkje på sikt opplever arbeidet som keisamt.

Tilbakemelding

Skuleungdommar set pris på å få tilbakemelding frå lærarane på prestasjonane sine. Slik er det òg i arbeidslivet. Arbeidstakarane ønskjer tilbakemelding – ros og ris – frå leiaren på korleis dei gjer jobben sin.

Arbeidsmiljølova set desse krava til det psykososiale arbeidsmiljøet:

1. Arbeidet skal leggjast til rette slik at integriteten og verdigheita til arbeidstakaren blir vareteke.
2. Ein skal søkje å utforme arbeidet slik at det gir høve til kontakt og kommunikasjon med andre arbeidstakarar i verksemda.
3. Arbeidstakaren skal ikkje utsetjast for trakassering eller anna utilbørleg framferd.
4. Arbeidstakaren skal så langt det er mogeleg vernast mot vald, trugsmål og uheldige belastingar som følgje av kontakt med andre.

Når arbeidet er lagt til rette etter desse krava, skal det vere mogeleg å oppnå eit meiningsfylt arbeid.

Les meir i Arbeidsmiljølovens § 4-3 og § 4-4 på lovdata.no.

To kokker har dratt en gryte over hvert sitt hode. Foto.
Litt tull og tøys i kvardagen skapar eit godt arbeidsmiljø.

Gruppeoppgåve

Det gode arbeidsmiljøet

Drøft og gi døme på kva de legg i eit godt arbeidsmiljø, og kva som kan gjerast for å få det til.

Hugselappen

Med psykososialt arbeidsmiljø meiner vi korleis vi har det saman med andre på jobb.

Læringsressursar

Lover og reglar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter