Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Økonomi og salChevronRight
  4. Lover og reglarChevronRight
  5. Lov- og regelverkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lov- og regelverk

Som kokk eller servitør må du kjenne til lover og reglar som gjeld for arbeidet du utfører.

Riksvåpenet, Norges lover. Foto.

Kva er ei lov?

Ei lov er den viktigaste rettskjelda for å løyse tvistar eller dømme etter ved straffbare forhold. Med tvist meiner vi ei usemje eller når noko er uklart. Det er Stortinget som vedtek lover.

Domstolane brukar lovene. Det er tingretten som dømmer både i sivile saker og straffesaker. Ein dom i tingretten kan ankast til lagmannsrett eller høgsterett. Du kan lese meir om dette på sidene til samfunnsfag.

Kva er ei forskrift?

Lover er gjerne ganske generelle. Derfor overlet Stortinget til forvaltningsapparatet å utdjupe innhaldet i ei lov. Forvaltningsapparatet kan vere eit departement eller eit direktoratet. Mange av forskriftene du møter som fagarbeidar, er gjevne av Kunnskapsdepartementet. Andre er gjevne av Helsedirektoratet.

Ei forskrift inneheld utfyllande reglar i forhold til teksten i sjølve lova. I praktisk arbeid brukar vi gjerne forskrifta når vi skal finne ut kva for reglar som gjeld. Alle forskrifter høyrer til ei lov. Vi seier at forskrifta er heimla i lova.

Lovdata

Alle lover og forskrifter som gjeld i Noreg, er tilgjengelege på Lovdata.no.

Desse sidene vert oppdaterte kvar gong regelverket vert endra eller nye reglar vert vedtekne. På sidene til lovdata kan du og finne informasjon om korleis lovverket vert bruka i rettssaker.

På lovdata kan du søkje på Lovdata – lover og Lovdata – sentrale forskrifter

Under aktuelle lover kan du slå opp i dei lovene du har behov for å kunne noko meir om. Dette vil vere korte forklaringar til lovene. Dersom du vil kjenne lova godt, må du gå til lovdata.no.

Utfordringar til deg:

  1. Kva er ein lov?
  2. Kva er ei forskrift?
  3. Fordjuping: Les meir om lov- og regelverk på nettsidene til samfunnsfag.

Læringsressursar

Lover og reglar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter