Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Økonomi og salChevronRight
  4. Lover og reglarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

HMS og internkontrollsystem

Arbeidsmiljøloven er med på å sikre arbeidsplassen, og det er denne loven som seier noko om kva helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid inneber. Einkvar arbeidsplass skal ta omsyn til helsa, miljøet og sikkerheita til arbeidstakarane.

To kokker tilbereder mat ved en benk på et kjøkken. Foto.

Eit godt helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid blir best gjennomført ved å jobbe systematisk med aktuelle problemstillingar, og dermed er dette kravet også lovfesta i arbeidsmiljøloven. Systematisk helse-, miljø- og tryggingsarbeid kallast òg for internkontroll og har sin eigen forskrift.

Internkontrollforskrifta inneber følgjande

  1. paragraf symbol.ilustrasjon.
    Arbeidsplassen må følge loven og ta hensyn til arbeidstakerens helse, miljø og sikkerhet.
    Sørgje for at dei lovane og forskriftene i helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga som gjeld for verksemda, er tilgjengelege, og ha oversikt over dei krava som er særleg viktige for verksemda.

    I kokk - og servitørfag vil dette f.eks. seie arbeidsmiljøloven, alkoholloven, forskrift om næringsmiddelhygiene og forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn.

  2. Sørgje for at arbeidstakarane har tilstrekkelege kunnskapar og ferdigheiter i det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet, og også informasjon om endringar.

    For at krava til internkontroll skal vere oppfylte, så må det sørgjast for at einkvar arbeidstakar, til eikvar tid, har fått informasjon og opplæring. F.eks.om bedrifta har kjøpt inn arbeidsbenker med heve- og senkemogelegheiter for å førebyggje muskel-/skjelettplager hos dei tilsette. Dette vil berre komme dei tilsette til gode dersom dei får opplæring i korleis det blir brukt, og korleis det blir tilpassa kvar enkelt.

  3. Helse, miljø, sikkerhet. Grafikk.
    HMS står for helse, miljø og sikkerhet og disse henger nært sammen.
    Sørgje for at arbeidstakarane er med slik at samla kunnskap og erfaring blir utnytta.

    Eit godt HMS-arbeid går ut frå at leiar og dei tilsette samarbeider. Det må skapast mogelegheiter for arbeidstakarane til å vere med, f.eks. med gjennomføring av personalmøte og medarbeidarsamtalar. Aktuelle tema vil vere organisering av arbeidsdagen, korleis arbeidsoppgåvene skal fordelast, kommunikasjon og informasjonsflyt.

  4. Fastsette mål for helse, miljø og sikkerheit.

    Arbeidsplassen må velje seg nokre mål å jobbe mot. Desse måla må dokumenterast skriftleg, og bedrifta kan f.eks. ha som overordna mål: ”Verksemda vår skal beskytte mot personskadar". Da kan tilhøyrande delmål vere: ”Verksemda vår skal bevisstgjere alle tilsette på ergonomi ved at alle deltek på kurs".

  5. Ha oversikt over organisasjonen til verksemda, og også korleis ansvar, oppgåver og myndigheit for arbeidet med helse, miljø og sikkerheit er fordelte.

    Dette inneber å ha ei oversikt over korleis arbeidsplassen er organisert med eigarstyret og tilsette. I tillegg skal det også dokumenterast korleis det blir jobba med helse, miljø og sikkerheit, og korleis ansvaret er fordelt mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar.

  6. Kartlegge farar og problem og på denne bakgrunnen vurdere risiko, samt utarbeide tilhøyrande planar og tiltak for å redusere risikoforholda.

    Det må gjennomførast ei risikokartlegging ut frå forholda på arbeidsplassen, og dette skal dokumenterast. Risikokartlegginga vil avsløre kva for forhold i verksemda som kan vere ein fare for bygningen, for dei tilsette og for gjestane. Kartlegginga vil danne grunnlaget for kva for førebyggjande rutinar som må utarbeidast. I tillegg må det utarbeidast handlingsplanar for korleis ein oppfører seg om uønska hendingar likevel skulle oppstå, som f.eks. ”Når ein brann oppstår".

  7. Setje i verk rutinar for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på krav fastsette i helse-, miljø- og sikkerheits- lovgjevinga.

    Dette inneber at arbeidsplassen har eit system som fangar opp avvik. Eit avvik er f.eks. når rutinar ikkje blir følgde, mangelfull opplæring, eller når det oppstår ein skade. Til dette kan ein f.eks. nytte eit skjema som han/ho som oppdagar avviket, fyller ut.

  8. Setje i verk systematisk overvaking og gjennomgang av internkontrollen for å sikre at han fungerer som han skal.

    Det må kontinuerleg jobbast med helse, miljø og sikkerheit på arbeidsplassen, og ei grundig kartlegging bør skje minst ein gong pr. år.

Hugselappen:

  • Systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid blir òg kalla internkontroll og har si eiga forskrift. Ho heiter «Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid».

Læringsressursar

Lover og reglar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter