Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Økonomi og salChevronRight
  4. MarknadsføringChevronRight
  5. P for plassChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

P for plass

Restaurantar på kaien i Stavanger. Foto.

Det store spørsmålet innan distribusjon er, litt enkelt formulert: Kvar skal butikken liggje? Som marknadsførarar er vi opptekne av at kundane våre lett skal finne oss. Då må vi vere fysisk til stades med eit utsal der kundane våre ferdast.

Ein organisasjon må vurdere nøye kvar han ønskjer å selje produkta sine: Kva slags strok passar for produkta våre? Kva sel dei hjå naboane, og kva målgruppe vender dei seg til? Korleis passar våre eigne produkt og målgrupper til det naboane tilbyr?

Distribusjon

Eit utval av småkaker i eit bakeri. Foto.
Du treng ikkje ha ein utsalsstad sjølv, du kan få andre til å ta inn produktet og vidareselje det for deg.

Det å velje rett utsalsstad er svært viktig når vi snakkar om plass, men plass som marknadsføringsverktøy handlar om meir. Det omfattar alt det arbeidet som er nødvendig for å få varer og tenester på plass, det vil seie ut til kundane, på ein effektiv måte. Vi bruker omgrepet distribusjon om denne prosessen, og å distribuere betyr «å fordele eller sende ut noko». Vi kan seie at distribusjon er alt som skjer med ei vare frå ho blir produsert til ho når kunden.

Tilgjengelegheit

Lunsjplakat som viser tilbud frå kl. 11.00 - 17.00. Foto.
Ein lunsjrestaurant bør plassere seg ein stad der han er lett tilgjengeleg for travle menneske som skal ete lunsj.

Alle verksemder er avhengige av å få levert varer eller tenester til kundane sine på rett stad og til rett tid. Derfor er avgjerdene ei bedrift tek på dette området, ofte avgjerande for om ein vil lykkast eller ikkje. Nøkkelordet innanfor distribusjon er tilgjengelegheit, anten i butikk, på nett, på telefon eller på andre stader der det måtte vere viktigast for ei bedrift å vere tilgjengeleg for kundane sine.

Transport og lagring

Distribusjonen kan gå direkte frå produsent til sluttbrukar, eller han kan gå gjennom eitt eller fleire mellomledd på vegen til kunden. Dersom distribusjonen går via mellomledd, blir det nødvendig med både transport og lagring på ein eller fleire stader. Transport og lagring er eit stort fagfelt i seg sjølv, og vi vil berre kort omtale det her i dette kapittelet.

Hugselappen:

  • Plass er den fjerde p-en i rekkja av verkemiddel.
  • Plass handlar om både utsalsstad og distribusjon.

Læringsressursar

Marknadsføring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter