Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Økonomi og salChevronRight
  4. MarknadsføringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

P for personale

Har du nokon gong støytt på ein ekstra blid og serviceinnstilt butikktilsett? Då veit du kor mykje dyktige og vennlege tilsette kan ha å seie for inntrykket ein får av bedrifta.

Smilande servitør med ein tallerken. Foto.
Servitør tar imot bestilling. Foto.
Kor viktig trur du at kunnskapane og serviceinnstillinga til servitøren er?

Personalet er den femte og siste p-en i rekkja av konkurransemiddel. I dei aller fleste typar verksemder er personalet ein viktig ressurs.

I servicenæringa er den rolla personalet har som seljarar og kundebehandlarar, svært viktig for kjøpsopplevinga til kundane. Ein dyktig seljar som kjenner produkta og kan rettleie kundane, er i mange tilfelle avgjerande for om kunden handlar noko. Ei god kjøpsoppleving vil også føre til større sannsyn for atterkjøp.

I handverksbedrifter er personalet ofte ein del av sjølve produktet. Det er ikkje vanskeleg å sjå kor viktig kokken eller servitøren er for kor tilfreds kunden blir med kjøpet. Dei både utfører tenesta og er kundebehandlarar.

Tenester

Det er ofte eit mål å gi produkta til bedrifta eit særpreg. Eit særpreg gjer mellom anna at prisen kan setjast høgare, og at det kan vere enklare å selje vara fordi ho skil seg frå varene til konkurrentane. Når vi skal vidareutvikle eit eksisterande produkt, er det derfor naturleg å ta utgangspunkt i denne problemstillinga:

«Korleis kan vi differensiere tenestedelen av produktet slik at det framstår som noko unikt?»

Kompetansen til personalet

Kursdeltakere foran datamaskiner. Foto.
Når personalet sin kompetanse aukar, kan dette i stor grad påverke kvaliteten på tenesta.

Mange produkt består av både ein vare- og ein tenestedel. Ofte er produkta som blir tilbydde, svært like, sjølv om dei kjem frå ulike produsentar. Det som skil dei frå kvarandre, er gjerne tenestedelen av produktet.

Ein servitør ved ein betre restaurant veit til dømes at det ikkje berre er kvaliteten på maten han serverer, som er viktig, men òg korleis han blir servert, kva for informasjon han sjølv kan gi om passande vinar, innhaldet i maten for ein allergikar, og kor høfleg og respektfullt han opptrer overfor gjestene.

Årsaka til at det er vanskeleg å kopiere tenester frå ei bedrift til ei anna, er at kompetansen til personalet er med på å påverke kvaliteten på tenesta.

Ein kan forbetre ei teneste (eller tenestedelen av produktet) ved å auke kompetansen til personalet gjennom til dømes å utvide produktkunnskapen og å forbetre serviceinnstillinga til medarbeidaren.

Hugselappen:

  • Personalet er den femte og siste p-en i rekkja av konkurransemiddel.
  • Vare er den materielle, fysiske delen av eit produkt.
  • Teneste er den immaterielle, ikkje-fysiske delen av eit produkt.

Læringsressursar

Marknadsføring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter