Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Økonomi og salChevronRight
  4. MarknadsføringChevronRight
  5. MarknadsføringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Marknadsføring

Marknadsføring handlar om mykje meir enn berre reklame i aviser, på tv og internett. Marknadsføring handlar om å bruke verkemiddel som fører til kjøp og skapar nøgde kundar som gjer gjenkjøp. Her skal vi sjå på kva for verkemiddel vi kan bruke.

Bilete av ein smilande servitør bak ein kafédisk. Foto.

Kva er marknadsføring?

Mange vil nok assosiere ordet marknadsføring med reklame i aviser, på tv og internett. Men marknadsføring er mykje meir enn det. Marknadsføring handlar om å forstå kva behov kundane har, og tilby tenester og produkt som skil seg ut frå konkurrerande tilbod, på ein eller annan måte.

Konkurransemiddel

Marknadsføring handlar om å bruke verkemiddel som fører til kjøp og skapar nøgde kundar som gjer gjenkjøp. Ei bedrift har fem verktøy som kan nyttast for å auke salet. Vi kallar dei dei fem p-ane.

  1. Produkt
  2. Pris
  3. Påverknad
  4. Plass
  5. Personale

Kombinasjonen, eller miksen, av korleis bedrifta brukar desse p-ane, kan gi deg dei konkurransefortrinna du treng for å vinne i marknaden. Vi snakkar altså om bedrifta sin marknadsmiks. Her ser vi litt nærare på kvar av dei fem p-ane:

Produkt

Her handlar det om å velje dei rette produkta for kundane dine. Det hjelper ikkje å ha eit fantastisk produkt dersom ingen vil ha det. Bedrifter arbeider stadig med produktutvikling og er svært nøye når dei vurderer nye produktidear. Svært få av dei ideane ei bedrift kjem opp med, blir faktisk produserte og lanserte på marknaden. Nye produktidear blir testa og analyserte før dei eventuelt blir sleppte ut på marknaden.

Stikkord: kvalitet, smak, utseende, omtale, vaner, trender, emballasjeløsning, service,

Pris

Prisen er viktig for om kundane vil kjøpe produkta dine. Er billig alltid best? Nei, iallfall ikkje om du ønskjer å selje kvalitetsprodukt. For å setje rett pris må du ta omsyn til kva marknaden er villig til å betale for produktet ditt.

Stikkord: prisnivå, rabattar, forteneste, betalingsvilkår

Plass

Kvar varene blir selde, er sjølvsagt også viktig. Får kundane tak i varene dine? Her er det mange omsyn å ta. Kor mange produkt skal eg ha? Skal eg opne ein eigen serveringsstad, eller skal eg få varene mine inn i serveringsstadene til andre slik at dei kan selje for meg?

Stikkord: vareutval, lager, transport, lokale, geografisk plassering

Påverknad

Det hjelper ikkje å ha gode produkt med rett pris til sals i ein fin butikk dersom ingen veit om deg. Du må bruke påverknad for å gjere kundane merksame på produktet ditt. Påverknad er det vi kallar reklame og kommunikasjon – vi ønskjer å påverke folk til å kjøpe produkta våre.

Stikkord: annonsering, seljarar, reklame, kampanjar, salsfremmande tiltak

Personale

Over halvparten av alle produkta som blir selde i Noreg, er tenester. Det er menneske som utfører desse tenestene, og vi kan seie at menneska er ein del av tenesta. Derfor er det viktig å tilsetje dei rette menneska.

Stikkord: serviceinnstilling, kunnskap om vara, fagleg innsikt, positivitet, lojalitet

Hugselappen:

Marknadsføring handlar om å forstå kundane sine behov, og tilby tenester og produkt som skil seg frå konkurrentane.

Læringsressursar

Marknadsføring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter