Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Økonomi og salChevronRight
  4. MarknadsføringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

P for pris

Kva må du tenkje på når du skal setje ein pris for produktet ditt? Det finst tre metodar som kan hjelpe deg på veg.

Sitron og lime med ein prislapp på. Foto.

Ei bedrift står stort sett fritt til å setje den prisen ho ønskjer på eit produkt. Det er likevel fleire ting bedrifta må ta omsyn til:

  1. Prisen må vere slik at kundane synest produktet er verdt det.
  2. Prisen må vere så høg at bedrifta går med overskot og får dekt inn kostnadene sine.

Former for prissetjing

Vi kan velje mellom tre formar for prissetjing:

  • Kostnadsorientert prissetjing: Prisen på vara skal vere minst så høg at han dekkjer det produktet kostar. For å finne denne prisen nyttar bedrifta seg av ulike kostnadskalkylar.

Føremon: Vi har god kontroll med lønnsemda.

Ulempe: Vi vurderer ikkje om prisen harmonerer med det kundane er villige til å betale.

  • Etterspørselsorientert prissetjing: Her tar bedrifta så mykje for produktet som ho trur at kunden er villig til å betale.

Føremon: Vi sikrar maksimal forteneste ved at vi tar ein optimal pris.

Ulempe: Det er dessverre nesten umogleg å finne ut kva marknaden er villig til å betale.

  • Konkurranseorientert prissetjing: Bedrifta lèt prisen bli bestemt av kva konkurrentane tek for tilsvarande produkt. Anten kan vi ta same pris, eller vi kan ta mindre/meir. Ligg vi høgare i pris, kan det hende at kundane heller kjøper hos konkurrentane. Ligg vi lågare i pris, kan det hende at konkurrentane går til priskrig mot oss!

Føremon: Metoden er enkel – det er berre å sjå på kva konkurrentane tek.

Ulempe: Det er ikkje sikkert dette er riktig pris for å få maksimal forteneste (kanskje kundane oppfattar vårt produkt som så bra at dei er villige til å betale meir), og kanskje er prisen så låg at vi ikkje får dekt inn kostnadene våre.

Sannsynlegvis vil bedrifta bruke ein kombinasjon av desse formene for prissetjing.

Hugselappen:

  • Pris er den andre p-en i rekkja av verkemiddel.
  • Prisen er det kunden betaler for eit produkt, og prissetjing er den framgangsmåten vi brukar for å fastsetje denne prisen.

Prisavslag blir brukt som verkemiddel på tallause måtar. Bedrifta kan ha tilbodsvarer for å auke salet på andre varer, eller ho kan gje kvantumsrabatt («Kjøp tre – betal for to»).

Det er svært viktig at bedrifta nøye vurderer kva pris ho skal ta. Prisen må vurderast ut ifrå ein heilskap, og vi må ikkje gløyme at pris har samanheng med resten av konkurransemidla.

Læringsressursar

Marknadsføring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter