Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Økonomi og salChevronRight
  4. Kalkulasjon og svinnChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bidragsmetoden

Det finst mange ulike måtar å fastsetje prisen på eit produkt på. Her skal vi sjå på korleis vi kan bruke bidragsmetoden for å komm fram til rett pris.

Kaféeier bak disken. Foto.

Stine brukar bidragsmetoden

Stine har fagbrev i kokkfaget og har jobba lenge i hotell- og restaurantbransjen. Ho er no medeigar i ein liten restaurant som òg driv selskapsverksemd. Stine brukar vanlegvis bidragsmetoden når ho skal berekne pris.

I dette tilfellet er Stine sin kunde eit sambuarpar som skal gifte seg. I bedriftsmarknaden er det vanleg å operere med prisar utan meirverdiavgift når ein lagar tilbod og samanliknar prisar mellom ulike leverandørar. Når vi som privatkundar studerer vareutvalet i butikkhyllene, er prisane vanlegvis gitt opp med meirverdiavgift.

Ingen kundar er like

Stine veit at ein må tilpasse både pris og produkt til kvar enkelt kunde. Felles for dei aller fleste sala er at dei skjer i hard konkurranse med andre leverandørar. Stine meiner at bidragsmetoden hjelper henne med å tilpasse prisen til både kunden og konkurrentane.

No skal Stine setje opp eit prisforslag til sambuarparet sin bryllaupsmeny. Ho har hatt fleire møte med paret og funne fram til ein 3-retters meny som både ho og kunden trur skal passe godt. På det tredje og siste møtet med kunden skal ho leggje fram pristilbodet sitt.

Første trinn – å rekne ut dei variable kostnadene

Stine må først finne dei variable kostnadene. Ho finn at råvareprisen for ein 3-retters meny til 40 personar er 15 000 kr.

  • Frakt til Stine sitt lager kostar 500 kroner for alle råvarene.
  • Stine veit at ho må ha 2 kokkar på jobb i 8 timar med ei timelønn på 150 kr for å klare oppdraget (8 · 2 = 16 timar, 16 timar · 150 kr = 2400 kr)
Variable kostnader
Råvarepris 3-rettar til 40 personar
15 000,00 kr
+ Frakt
500,00 kr
+ Direkte lønn
2 400,00 kr
= Totalt variable kostnader
17 900,00 kr

Andre trinn – å rekne ut dekningsbidraget

Dekningsbidraget er den delen av prisen som kjem i tillegg til dei variable kostnadene. Dekningsbidraget skal reknast ut i prosent av prisen. Kor stor denne prosenten er, kan variere. I dette tilfellet tenkjer Stine at dekningsbidraget bør utgjere 40 prosent.

Beregening av dekningsbidraget
Prisen som Stine skal fram til
100 %
- Dekningsbidraget
40 %
= Variable kostnader
60 %

Stine veit at ho er i hard konkurranse med fleire lokale leverandørar. Pris betyr nok ikkje alt, men Stine veit at ho må kunne måle seg med konkurrentane. Ho legg dekningsbidraget til dei variable kostnadene, og prisen blir 29 833,00 kr. Dette er prisen før meirverdiavgifta er lagd til.

Dekningsgrad
Variable kostnader (60 % av prisen)
17 900,00 kr
+ Dekningsbidraget (17 900,00 kr : 60 x 40)
11 933,00 kr
= Pris (uten mva.)
29 833,00 kr

Bidragsmetoden fungerer også i revers

Stine har eit vellukka møte og får gode tilbakemeldingar på forslaget sitt til løysing, men når ho legg fram pristilbodet, reagerer kunden negativt. Ho blir fortald at dei har fått betre pris på ein tilsvarande meny hjå Stine sin hardaste konkurrent. Kunden understrekar samtidig kor godt dei har likt Stine si løysing og hennar måte å presentere si eiga bedrift på.

Bidragskalkyle
Salspris
25 000,00 kr
- Variable kostnader
17 900,00 kr
= Dekningsbidrag
7 100,00 kr

Stine tek sjansen på å utfordre kunden på kva pris som skal til for å få avtalen. «I alle fall ikkje over 25 000 kr», er svaret. Ho tek fram kalkulatoren og gjer ein rask bidragskalkyle. Ho reknar ut dekningsgraden, som er dekningsbidraget som prosent av salet (omsetninga), og får 28,4 prosent.

Dekningsgrad
7 100,00 kr x 100 : 25 000,00 kr
28,40 %
Stine tenkjer at eit dekningsbidrag på 28 prosent er lågare enn planlagt. Samtidig gir det eit lite bidrag til å dekkje andre kostnader og gir litt forteneste. Stine veit at mange av gjestene i bryllaupet er unge, ugifte par som kan vere framtidige kundar om ho leverer eit bra produkt. Stine synest det er viktig å vise seg fram for desse framtidige kundane, og å hindre vekst hjå konkurrenten.

«25 000 kr er greit», seier Stine med eit smil.

Til sist reknar ho ut salspris med meirverdiavgift. Kan du rekne ut kva pris Stine endar opp med?

Hugselapp

  • Variable kostnader endrar seg i takt med produksjonen eller salet.
  • Faste kostnader er dei same sjølv om produksjon og sal endrar seg.
  • Dekningsbidrag er det økonomiske bidraget eit produkt bidreg med til å dekkje faste kostnader og gi overskot.

Læringsressursar

Kalkulasjon og svinn