Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Økonomi og salChevronRight
  4. Kalkulasjon og svinnChevronRight
  5. PåslagsmetodenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Påslagsmetoden

Det finst mange måtar å fastsetje prisen på eit produkt på. Her skal vi sjå på korleis vi kan bruke påslagsmetoden for å kome fram til riktig pris.

Bakerieigar. Foto

Farek bruker påslagsmetoden

Farek jobbar som servitør på ein stor kafé som sel enkle lunsjrettar og kaffi. Dei har òg utsal av diverse drikkevarer. Farek skal berekne salsprisen på mineralvatn og vel å bruke påslagsmetoden.

Sparer tid

Kafeen sel mange ulike drikkevarer. Ved å bruke påslagsmetoden sparer Farek mykje tid, sidan dette er den aller enklaste måten å berekne salspris på.

Påslagstal

Det mest krevjande med påslagsmetoden er å finne riktig påslagstal. Påslagstalet er det talet Farek skal gonge inntakskosten for produktet med for å finne salsprisen med meirverdiavgift.

Krev erfaringstal

Før Farek byrja å bruke påslagsmetoden, brukte han sjølvkostmetoden. Etter kvart såg han at salsprisen han kom fram til for drikkevarene, som oftast var akkurat dobbelt så høg som inntakskosten. Derfor kunne han byrje å bruke påslagsmetoden med påslagstalet 2.

Døme

Farek har ein inntakskost på ei flaske mineralvatn på 10 kroner. Han gongar det med 2, og finn då at salsprisen med meirverdiavgift blir 20 kroner.

Priskalkyle

for mineralvatn

Inntakskost

10 kr

· påslagstal

2

= salspris med meirverdiavgift

20 kr

Fagomgrep

Inntakskost er det du betaler for å ta ei vare inn i bedrifta.

Påslagsmetoden er ein svært enkel priskalkyle der inntakskosten blir gonga med eit påslagstal.

Påslagstalet er det talet du gongar inntakskosten med for å berekne ein salspris som skal dekkje alle kostnader, forteneste og meirverdiavgift.

Læringsressursar

Kalkulasjon og svinn