Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Økonomi og salChevronRight
  4. Kalkulasjon og svinnChevronRight
  5. SjølvkostmetodenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sjølvkostmetoden

Det finst mange ulike måtar å fastsetje prisen på eit produkt på. Her skal vi sjå på korleis vi kan bruke sjølvkostmetoden for å komme fram til rett pris.

Kokk som bærer fruktkurv. Foto

Line brukar sjølvkostmetoden

Line har fagbrev i kokkfaget og er tilsett som kjøkkensjef i eit cateringfirma. Ho brukar vanlegvis sjølvkostmetoden når ho skal kalkulere prisar.

God kontroll på kostnadene

Line seier at den viktigaste årsaka til at ho brukar sjølvkostmetoden, er at det gjer henne trygg på at prisane dekkjer inn kostnadene. Kvar gong ho får ei bestilling, kalkulerer ho prisen på kvar vare. Ofte gjer ho også priskalkylar når ho skal ta stilling til kva for nye retter ho skal tilby. Om ho ikkje føler seg ganske trygg på at retten vil oppnå ein pris som både dekkjer kostnader og hennar eigne krav til forteneste, så let ho vere å tilby denne retten.

Line brukar ein enkel modell for sjølvkostkalkyle. I avsnitta nedanfor skal vi fylle inn line for line i denne modellen. Line har akkurat fått ei bestilling på 20 kyllingsalatar og vil bruke desse som døme.

Første trinn – direkte varekostnad

Vi skal sjå på korleis Line kan rekne ut pris på kyllingsalatane ved hjelp av denne kalkylen. Line har gjennom oppskriftsberekninga allereie funne ein råvarekostnad per salat, og då har ho òg teke omsyn til svinn.

Råstoff (kylling, salat, grønsaker) er 10 kroner per salat.

Kalkulasjon etter sjølvkostmetoden
Råvarepris 10,00 kr
+ Andre direkte kostnader

= Inntakskost

+ Indirekte kostnader

= Sjølvkost

+ Forteneste
= Salspris utan meirverdiavgift
+ Meirverdiavgift
= Salspris

Andre trinn – andre direkte kostnader

I sjølvkostmetoden er det viktig å finne alle kostnader som har direkte med eit produkt å gjere. I dette tilfellet ser Line at ho har betalt 100 kr i frakt for råvarene. Ho deler fraktkostnaden for heile sendinga på talet på salatar ho skal lage, og får 5 kroner i frakt (100 : 20 = 5 kr).

Kalkulasjon etter sjølvkostmetoden
Råvarepris 10,00 kr
+ Andre direkte kostnader
20,50 kr
= Inntakskost

+ Indirekte kostnader

= Sjølvkost

+ Forteneste
= Salspris utan meirverdiavgift
+ Meirverdiavgift
= Salspris

Line pakkar salatane i eingongsemballasje som kostar 3 kroner stykket.

Line har erfart at ein brukar i gjennomsnitt 5 minutt for å produsere og pakke kyllingsalaten, medrekna tid til å rydde og vaske. Direkte lønn finn vi ved å dele timesatsen (150 kr) på 60 for å finne lønnskostnaden per minutt. Deretter har vi multiplisert med 5 for å finne direkte lønn per pakke: 150 : 60 · 5 = 12,5 kr. Sum andre direkte kostnader blir då 20,50 kr (frakt 5 kr + emballasje 3 kr + direkte lønn 12,5 kr).

Tredje trinn – sum inntakskost

I sjølvkostmetoden brukar ein omgrepet inntakskost om det det kostar å «få ei vare inn». I Line sitt tilfelle er kyllingsalatane betalt inn til butikken når ho har gjort opp for råvareprisen og andre direkte kostnader. Ho summerer desse i tabellen og får ein inntakskost på 30,50 kroner, men framleis er det eit stykke igjen til endeleg pris.

Kalkulasjon etter sjølvkostmetoden
Råvarepris 10,00 kr
+ Andre direkte kostnader
20,50 kr
= Inntakskost
30,50 kr
+ Indirekte kostnader

= Sjølvkost

+ Forteneste
= Salspris utan meirverdiavgift
+ Meirverdiavgift
= Salspris

Fjerde trinn – indirekte kostnader

For Line kostar det å drive cateringfirmaet. Med jamne mellomrom går ho gjennom alle kostnadene ho har til å drive butikken. I farten kan ho kome på husleige, straum, rente på lån, reinhald og annonsar i lokalavisa. Ho kunne heilt sikkert kome på fleire. Saman med rekneskapsføraren sin har ho rekna ut desse kostnadene og fordelt dei på omsetning. Dei ønskte å finne ein fast prosentsats og enda på 60 prosent. Det vil seie at Line bør ha eit tillegg på 60 prosent på inntakskosten på alle varer for å dekkje dei mange kostnadene som ikkje kan knytast til eit spesielt produkt. I dette tilfellet blir den indirekte kostnaden per kyllingsalat 18,30 kroner (30,5 kr · 0,6 = 18,30 kr). Dette legg ho inn i ei ny line i modellen.

Kalkulasjon etter sjølvkostmetoden
Råvarepris 10,00 kr
+ Andre direkte kostnader
20,50 kr
= Inntakskost
30,50 kr
+ Indirekte kostnader
18,30 kr
= Sjølvkost

+ Forteneste
= Salspris utan meirverdiavgift
+ Meirverdiavgift
= Salspris

Femte trinn – sjølvkost

Med omgrepet sjølvkost meiner ein både det «sjølve vara» har kosta og det «vara har kosta oss sjølv». Dette er eit viktig trinn for at ein no skal kunne selje vara utan tap. Vara har fått ein pris som gjer at han dekkjer både vara sine eigne kostnader og dei felles kostnadene som alle varer må vere med å dele på. Line fyller inn ei ny line i tabellen. Prisen på ein salat er no komen opp i 48,8 kroner. No står det berre att å tene pengar, tenkjer Line.

Kalkulasjon etter sjølvkostmetoden
Råvarepris 10,00 kr
+ Andre direkte kostnader
20,50 kr
= Inntakskost
30,50 kr
+ Indirekte kostnader
18,30 kr
= Sjølvkost
48,80 kr
+ Forteneste
= Salspris utan meirverdiavgift
+ Meirverdiavgift
= Salspris

Sjette trinn – forteneste

Line synest det er kjekt å drive cateringfirmaet. Aller kjekkast er det når månadsrekneskapen viser eit godt overskot. Ho har i samråd med kjeden og rekneskapsføraren sett ein sats på forteneste på 30 prosent. Fortenesta reknar ho i prosent av sjølvkost (48,80 · 0,3). Fortenesta blir då 14,64 kroner.

Kalkulasjon etter sjølvkostmetoden
Råvarepris 10,00 kr
+ Andre direkte kostnader
20,50 kr
= Inntakskost
30,50 kr
+ Indirekte kostnader
18,30 kr
= Sjølvkost
48,80 kr
+ Forteneste
14,64 kr
= Salspris utan meirverdiavgift
+ Meirverdiavgift
= Salspris

Sjuande trinn – salspris utan meirverdiavgift

No er Line så godt som i mål. Ho har fått ein salspris utan meirverdiavgift på 63,44 kroner.

Kalkulasjon etter sjølvkostmetoden
Råvarepris 10,00 kr
+ Andre direkte kostnader
20,50 kr
= Inntakskost
30,50 kr
+ Indirekte kostnader
18,30 kr
= Sjølvkost
48,80 kr
+ Forteneste
14,64 kr
= Salspris utan meirverdiavgift
63,44 kr
+ Meirverdiavgift
= Salspris

Åttande trinn – salspris med meirverdiavgift

For Line sin del er den siste delen av kalkulasjonen enkel sidan ho har den same satsen for meirverdiavgift på alle produkt. Ho legg 15 % prosent meirverdiavgift, altså 9,51 kr kroner, til salsprisen. (63,44 kr · 15 : 100 = 9,51 kr).

Line summerer og får ein salspris med mva. på 72,95 kroner.

Kalkulasjon etter sjølvkostmetoden
Råvarepris 10,00 kr
+ Andre direkte kostnader
20,50 kr
= Inntakskost
30,50 kr
+ Indirekte kostnader
18,30 kr
= Sjølvkost
48,80 kr
+ Forteneste
14,64 kr
= Salspris utan meirverdiavgift
63,44 kr
+ Meirverdiavgift
9,51 kr
= Salspris
72,95 kr

Ofte gjer ein «prispsykologiske» justeringar for å leggje prisen rett under ein tiar, hundre- eller tusenlapp. Kundane oppfattar då prisen som lågare enn det han i realiteten er. Line vel difor å setje prisen til 79 kroner.

Ho legg prisen inn i modellen og er i mål. Prisen for 20 kyllingsalatar blir då: 79 kr · 20 = 1580 kr.

Avanse

Vi kan forenkle kalkylen ved å bruke avanse. Avansen er differansen mellom salsprisen utan meirverdiavgift og dei direkte kostnadene.

Utrekning av avanse for eit ferdig prisa produkt
Salspris utan meirverdiavgift
- Direkte kostnader
= Avanse


Det vil seie at avansen består av indirekte kostnader og forteneste.

Prising av produkt basert på avanse
Direkte kostnader
+ Avanse
= Salspris utan meirverdiavgift

Hugselapp

  • Direkte kostnader kan knytast direkte til vara som er kjøpt inn.
  • Indirekte kostnader kan ikkje knytast direkte til eit produkt, men til alle produkta bedrifta sel.
  • Sjølvkost er alle kostnadene som direkte eller indirekte kan knytast til produktet.

Læringsressursar

Kalkulasjon og svinn