Hopp til innhald

Kokk og servitør

    Økonomi og sal

    Alle bedrifter som produserer og sel varer og tenester, gjer det for å tene pengar. Bedrifta må ha kontroll på kostnadene sine, og dei må kunne omsetje produktet ute i marknaden til ein akseptabel pris.

    Kalkulasjon og svinn

    For at ei bedrift skal vere lønnsam, må inntektene vere større enn kostnadene. For å sikre lønnsemda må vi fastsetje riktig pris på produkta våre. Vi må utarbeide ein kalkyle.