Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Servering og gjestebehandlingChevronRight
  4. ServeringChevronRight
  5. Undervisningsfilmar om servering ChevronRight
  6. ServitørfagetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Servitørfaget

SERVITØRFAGET er eit internasjonalt fag. Faget er under stadig utvikling gjennom etablering av nye serveringsstader med fleirkulturelle trekk og trendar. Ein god servitør er restauranten sitt ansikt, og det er viktig at du er glad i menneske, flink til å kommunisere og initiativrik. Ein servitør må kunne omtrent like mye om mat, drikke og produksjon som kokken. Jobben din vil blant anna vere å formidle informasjon om mat og drikke til gjestene, for å sikre at dei får ei god oppleving. Du skal og vere i stand til å arrangere og gjennomføre ulike slags arrangement i lokale der det blir arrangert selskap, bankettar, kurs og konferansar. Ein servitør kan jobbe innanfor bar- og restaurantnæringa, på hotell og andre overnattingsstader. Yrket er prega av internasjonalisering, og du må kunne arbeide med menneske med andre språk og kulturomgrep på ein måte som tar i vare kundane sine ønske om gode opplevingar. Yrkesnemning: Servitør med fagbrev Eventuell vidareutdanning: Kjøken- og restaurantleiing, Vinkelnar, Hotelleiing, Reiselivsleiing Korleis er servitøryrket? Servitøryrket kan vere både givande og slitsamt. Kvardagen kan vere stressande, og i tillegg er det mange daglege rutinar som krev at du er 100 prosent til stades. Arbeidet kan vere fysisk hardt fordi du ber på noe stort sett heile tida. I løpet av ei arbeidsøkt går du mange kilometer. Som servitør må du vere blid og imøtekommande sjølv på dei dagane du ikkje føler deg heilt på topp. Det er viktig å kunne halde hovudet kaldt for ikkje å miste oversikta i ein travel periode. Ein servitør må vere effektiv. Å være utadvent er ein stor fordel. Andre kvalitetar som tel, er humor og humør. Det er heller ille å møte sure servitørar. Ein servitør vil dagleg møte menneske med ulike ønske og krav. Evna til å ta ting på sparket og finne kreative løysingar er derfor nødvendig. Før eller seinare vil du møte vanskelege og uforskamma gjester eller kollegaer. Husk at du i slike situasjonar skal opptre høfleg og korrekt. Personleg framferd: Måten du opptrer på i restauranten, vil alltid vere gjenstand for merksemd. Ver klar over at du blir nøye observert av gjestene, ikkje nødvendigvis med eit kritisk blikk, men rett og slett fordi det er naturleg. Det er derfor viktig at du får gode vanar. Du skal utføre oppgåvene dine på ein slik måte at gjestene føler seg velkomne og hyggjer seg på serveringsstaden. Du må vise at du ser alle gjestene, sjølv om du har det travelt. Eit smil og eit nikk kan ha vere avgjerande for korleis gjestene opplever besøket, og det igjen er med på å bestemme om dei kjem tilbake eller ikkje. Målet må alltid vere å få gjesten til å trivast så godt at han kjem tilbake til restauranten neste gong han skal ut å ete. Da har han kanskje med seg noen gjester, eller han har anbefalt staden til venner og kjente. Holdningar: Dine holdningar har mye å seie for korleis du fungerer i ei bedrift. Dei som eig verksemda, vil jo at dei tilsette gjer jobben sin best muleg. Det er mye som kostar pengar i ei bedrift: Sløsing, svinn og tjuveri gjer at det blir mindre pengar til utstyr og sosiale tilskipingar. Dersom du ikkje møter på jobben, går det ut over både kollegaer, gjester og bedrifta. Det er klart du skal vere heime dersom du er sjuk, men unødvendig fråvær kostar masse pengar. Å setje inn ein vikar tyder at bedrifta får ein stor ekstra kostnad. UNIFORM Servitøruniforma er ofte utforma for å være tilpassa interiøret, bedriftstypen og forretningsideen på ein serveringsstad i ei bestemt bedrift. Uniforma (til både kokkar og servitørar) skal vere heil, rein og glatt. Skjorta (eller kokkejakka), buksa og framstykket skal vere nystrokne. Det skal vere svarte skor, og dei bør vere gode med sålar tilpassa underlaget i den bedrifta du arbeider i. Det er lurt å ha eit ekstra par ståande i garderobeskapet slik at du kan bytte ved behov. Med uniform er du bedrifta sitt ansikt mot omverda, og uniforma gjer at gjestene ser at du er servitør.

Læringsressursar

Undervisningsfilmar om servering

SubjectEmne

Fagstoff