Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Servering og gjestebehandlingChevronRight
  4. Service og gjestebehandlingChevronRight
  5. Å omgåast ulike gjesterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Å omgåast ulike gjester

I servicenæringa er det viktig å kunne omgåast ulike typar menneske. Her skal vi sjå meir på relasjonskompetanse – korleis du skal kunne etablere og vedlikehalde god kontakt med gjestene.

Tre glade venner på ein restaurant. Foto.

Relasjonskompetanse – sosial kompetanse

Som servicearbeidar er du ikkje ein privatperson, men ein profesjonell representant for arbeidsstaden din. Du må kunne skape kontakt med gjestene – unge og gamle, kvinner og menn, jenter og gutar, ungdom og vaksne – uansett kva interesser, meiningar og haldningar dei har.

Ein servicearbeidar må ha evne til å få eit godt forhold til alle gjester. Dette krev relasjonskompetanse, det vil seie evne til å omgåast ulike menneske. Det handlar ikkje om å endre personlegdom, men å tilpasse kommunikasjonen til ulike menneske og situasjonar.

Når du står i samband med eit anna menneske, er det ein relasjon, eller eit forhold. Eit menneske som har relasjonskompetanse, har evne til å etablere og vedlikehalde gode relasjonar til andre menneske. Dette blir også kalla sosial kompetanse.

Ung servitør i uformell prat med eldre gjester. foto.
Ein dyktig servitør klarer å skape gode relasjonar til alle gjestene sine.

Å skape gode relasjonar

Relasjonskompetanse betyr evne til å omgåast alle slags menneske: opne og spontane, sjenerte, tilbakehaldne og forsiktige, brautande, frekke og uhøvla.

Desse ferdigheitene blir rekna som viktige for å skape gode relasjonar:

  • Evne til å ta alle menneske på alvor.
    Vi må ikkje la oss lure av førsteinntrykket, men vise interesse for å finne ut kva som skjuler seg under overflata.

  • Evne til å stille spørsmål.
    Viss vi vil bli kjende med nye menneske, er det lurare å stille spørsmål enn å snakke som ein foss. Men spørsmåla må ikkje vere frekke eller nærgåande!

  • Evne til å skape tillit.
    Å skape tillit tek tid, og relasjonsbygging er tidkrevjande. Gode relasjonar er ei «ferskvare» som stadig må pleiast.

  • Innsikt i andre menneske.
    Evne til å forstå andre sine ønske og behov.

  • Sjølvinnsikt.
    Evne til å forstå sine eigne kjensler, ønske og behov, vite kva ein sjølv ønskjer, vil og kan.

  • Empati.
    Evne til å setje seg inn i veremåten og tankegangen til andre. Ein servicearbeider må kunne forstå ulike menneske og fange opp behova deira. Dette er ein av nøklane til god gjestebehandling.

Ein servicearbeider må kunne sjå situasjonen fra gjesten si side. Det handlar om å vise omtanke og respekt for andre sine synspunkt, kjensler, ønske og behov. Nokon tileignar seg dette gjennom oppveksten saman med familie, naboar og venner som viser oppriktig interesse for medmenneska sine.

Når du skal omgåast ulike menneske på ein profesjonell måte, krevst det openheit og erfaring.

Sint ung mann ved innsjekkingsskranken på hotellet. Foto.
Av og til må ein hanskast med sinte og sure gjester. Behald roa!

Menneske med andre verdiar

Servicearbeidarar møter menneske frå framande kulturar, som har andre verdiar, religionar og politiske meiningar. Alle menneske blir prega av sin kultur – av oppvekst og erfaringar, sosial tilhøyrsle, religion, politisk syn, interesser, kunnskapar, alder, kjønn og personlegdom.

Det kan vere krevjande å omgåast menneske som har heilt andre verdiar enn oss sjølv. Vi kan lett få forenkla førestellingar – stereotypiar – om framande menneske og grupper av menneske. Vi puttar folk i bås, og skjer alle over éin kam. Dersom vi førehandsdømmer ei heil gruppe menneske, ein kultur eller religion, kan det vere vanskeleg å kommunisere.

Ein grunnleggjande regel for god kommunikasjon er derfor å møte kvart menneske som eit enkeltindivid, ikkje som medlem av ei bestemd gruppe. På mange arbeidsplassar innanfor service blir det sett på som uhøfleg å diskutere religion og politikk med gjestene.

Hugselapp:

  • Som servicearbeidar møter ein mange ulike menneske, med ulike behov. Sosial kompetanse vil seie evna til å omgåast ulike typar menneske.

Læringsressursar

Service og gjestebehandling