Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Servering og gjestebehandlingChevronRight
  4. Service og gjestebehandlingChevronRight
  5. Bedriftas ansikt mot omverdaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bedriftas ansikt mot omverda

Førsteinntrykket er svært viktig. Korleis vi er kledde, og korleis vi representerer arbeidsplassen vår overfor kundar og gjester, har mykje å seie for omdømmet til bedrifta.

Servitør setter vinglass på et restaurantbord. foto.

Uniforma representerer bedrifta

Når vi tek på oss ei uniform, tek vi samtidig på oss rolla som ansiktet til selskapet mot omverda. Då representerer vi bedrifta og arbeidsplassen vår.

Alle menneske blir prega av oppveksten sin, kulturen, familien og vennene. Ved å ta på oss uniform legg vi til sides det private og våre eigne personlege meiningar. Vi blir då sette på som ansiktet til firmaet mot omverda. Omdømmet til selskapet er viktig, kanskje noko av det viktigaste i kampen om gjestene.

Tenk over

Kva faktorar kan vere med på å øydeleggje eit godt omdømme?

Uniform

Uniformer kan vere veldig forskjellige. Uniforma er med på å forsterke yrkesrolla til den som ber uniforma, til dømes politiet og militæret, pilotane og kabinbesetninga i eit fly. Hovudmålet med uniform er at alle skal vere likt kledde. Det skaper ei felleskjensle internt i bedrifta, og det blir lett for gjestene å vite kven som er vertskap. At uniforma eller kleda er nøytrale og samstemte i fargar og stil, er med på å skape tillit mellom vertskap og gjest.

Fire ansatta i uformell uniform står ved bord i restaurant.foto.

Førsteinntrykket til gjesten

Tenk deg at du kjem inn i ein hotellresepsjon og skal sjekke inn. Det står to damer ved resepsjonsdisken. Den eine er kledd i uniforma til hotellet, med nystroken skjorte. Ho har oppsett hår og er diskret sminka. Ho ser deg med det same og ønskjer deg smilande velkomen.

Dama som står ved sida av, jobbar også i resepsjonen, men går i private klede. Ho er kledd i ein utringa topp, har farga håret i ein rosa nyanse, har pirsing i ansiktet og store, tydelege tatoveringar nedover armane. Ho er for oppteken med mobiltelefonen sin til å registrere at du kjem inn.

Kven av desse damene representerer arbeidsplassen sin best?

Det er ikkje sikkert at dama med rosa hår er mindre hyggjeleg og hjelpsam enn dama i uniform. Ho er kanskje veldig god i fleire språk og dyktig i jobben sin. Men førsteinntrykket til gjesten blir dessverre feil. Dama med rosa hår blir ufrivillig sett i bås og vurdert ut frå utsjånaden sin. Ho vil no måtte bruke lengre tid på å vinne gjestens tillit. Førsteinntrykket gjesten fekk, kan gjere det vanskelegare å kommunisere.

Førsteinntrykket ditt av gjesten

Sjølv om ein gjest går kledd som punkar og har raud hanekam, vil ikkje det automatisk seie at han er husokkupant og går i protesttog mot omverda. Han er kanskje økonomistudent og speler fiolin på fritida.

Det er vanleg at vi dannar oss eit førsteinntrykk av ein person ut frå klede, frisyre, smykke, sminke og liknande. Vi set folk i bås, tenkjer at vedkomande er sånn og slik, tilhøyrer ei bestemt gruppe. Vi gløymer å sjå etter enkeltindividet.

Tenk over

Det er heilt vanleg å gjere seg opp ei meining om folk ut frå klesstilen og utsjånaden deira. Vi gløymer ofte enkeltindividet og skjer alle over ein kam. Som vertskap må vi strekkje oss etter å sjå og møte kvart individ med respekt og ei positiv haldning!

Oppgåve

Du jobbar i ein restaurant. Ein av servitørane kjem stadig på jobb med skitne klede, ustelt hår og luktar sveitte. Både du og gjestene synest det er ubehageleg. Kva gjer du?

Læringsressursar

Service og gjestebehandling