Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Servering og gjestebehandlingChevronRight
  4. Service og gjestebehandlingChevronRight
  5. Gjester med spesielle behovChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Gjester med spesielle behov

I utgangspunktet har alle gjester spesielle behov. Alle er forskjellige og har ulike behov og ønske. Her skal vi sjå på nokre situasjonar du som vert kan forvente deg, og gi nokre tips om korleis du kan handtere dei.

Smilende servitør i åpen inngangsdør. foto.
Eit smil og eit positivt kroppsspråk fortel at her er alle velkomne!

Synshemma

Møter du ein gjest som bruker kvit stav eller har førarhund, skal du ta verbal kontakt med ein gong slik at vedkomande veit at du er til stades og er tilgjengeleg. Gjesten er på ein ny stad og kjenner ikkje til korleis møblane er plasserte, eller kvar dørene er. Ein synshemma gjest vil helst ha opne dører og gangar eller passasjar utan hindringar.

Beskriv omgivnadene godt for gjesten, og følg gjesten til bordet, toalettet eller andre stader som han eller ho ønskjer å bruke under opphaldet. På denne måten blir det enklare for gjesten å finne fram på eiga hand seinare.

Person med førerhund.foto.
Mange synshemma har førarhund. Førarhundar er tillatne i spisedelen av ein restaurant, men ikkje i produksjonslokale eller lager. * Jfr. Forskrift om næringsmiddelhygiene § 27 4. ledd, jfr. lov om matproduksjon og mattryggleik m.m. §§ 9 og 33.

Hørselshemma

For gjester som er hørselshemma, er det viktig med tydeleg tale og augekontakt, slik at de kan blir samde om ein eigna måte å kommunisere på. Dei fleste hørselshemma bruker teiknspråk, og mange er også trena i å lese på munnen. Derfor er visuell kontakt med deg viktig.

I dei fleste tilfella er penn og papir den viktigaste reiskapen for å kommunisere med kvarandre.

Generelle tilfelle

Funksjonshemma som er avhengige av assistanse, har ofte med seg følgje. Det er likevel viktig at du som servitør gjer dei merksame på at du er tilgjengeleg om dei treng meir hjelp. Eldre menneske som har vanskar med å gå, familiar med små barn og ungdomsgrupper – alle ønskjer dei å bli tekne imot på ein positiv måte.

Det er lett å tenkje at eldre menneske berre klagar og er til bry, at familiar med små barn lagar mykje støy, og at ungdomsgrupper fort oppfører seg slik at andre gjester klagar. Derfor er det viktig at vi allereie når gjestene kjem, sender signal om at alle er velkomne. Som servitør skal du få alle til å kjenne seg velkomne, og då hjelper det godt med eit positivt kroppsspråk. Hugs berre at vi ikkje alltid kan ha det same kroppsspråket overfor eldre menneske som overfor ungdommar!

Smilende servitør setter drikke på bordet til to gjester på kafe. foto.
God kommunikasjon mellom servitør og gjester er viktig. Ein hørselshemma gjest er til dømes avhengig av god visuell kontakt.

Framandspråklege gjester

Møter du ein gjest som ikkje ser ut til å forstå deg når du snakkar på norsk, så snakk til han eller henne på engelsk. På denne måten får du kunnskap om kva nasjonalitet gjesten har. Ofte tek vi det for gitt at gjester med utanlandsk utsjånad ikkje snakkar norsk. Slik er det sjølvsagt ikkje! Det er derfor viktig at dette er avklart før vi går vidare med samtalen.

Hugselappen

Alle gjester er forskjellige, og har ulike ønske og behov. Som servitør må vi gjere vårt beste for å tilfredsstille alle gjester.

Læringsressursar

Service og gjestebehandling