1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. SpesialkostChevronRight
  4. Hjarte- og karsjukdommarChevronRight
  5. Kost ved hjarte- og karsjukdommarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kost ved hjarte- og karsjukdommar

Høg konsentrasjon av kolesterol i blodet aukar risikoen for hjarte- og karsjukdom. Hjartevennleg kost bør ein gi til alle personar som har hjarte- og karsjukdommar eller for høgt kolesterol og høge triglyseridverdiar i blodet, slik at ein førebyggjer og reduserer risikoen for vidare utvikling av hjarte- og karsjukdom.

Mann som et salat. Foto

Med høgt kolesterol meiner vi verdiar som ligg over 6 mmol/l. Verdiar under 5 blir rekna for å vere ideelt. Kostomlegging kan gi god effekt for mange med høge kolesterolverdiar. Ved å leggje om kosten ein kunne redusere kolesterolnivået vesentleg . I praksis kan ein oppnå ein kolesterolreduksjon på mellom 5 og 30 prosent.

Kolesterolet sin funksjon i kroppen

Sjølv om det er lite gunstig å ha for høgt kolesterol, er kolesterol eit viktig feittstoff som vi ikkje kan greie oss utan. Kolesterol har mange viktige funksjonar i kroppen, og blir mellom anna brukt til å byggje opp cellevegger, og danne vitamin D, kjønnshormon og gallesyrer. Kolesterol har som oppgåve å frakte feittstoff gjennom blodet til alle cellene i kroppen. Derfor er det slik at di meir meitta feitt ein person et, di meir kolesterol produserer kroppen.

Det finst både eit "godt" og eit "dårleg" kolesterol. Det gode kolesterolet blir kalla HDL, og er viktig fordi det mellom anna er med på å frakte ugunstige feittstoff bort frå blodårene. Det dårlege kolesterolet blir kalla LDL og er ugunstig fordi det lett kan feste seg i blodårene og auke risikoen for hjarte- og karsjukdom. I tillegg har vi ein tredje type feittstoff som vi kallar triglyserid (TG). Eit høgt nivå av triglyserid i blodet er òg uheldig.

Mat og kolesterol

Kor mykje kolesterol som blir produsert i kroppen har samanheng både med arvelege og kosthaldsmessige faktorar. Dersom ein person senkar kolesterolnivået sitt med rundt 10 prosent, blir risikoen for å utvikle hjarte- og karsjukdom vesentleg redusert.

En mengde grønnsaker, frukt, frø og korn. Foto.
Frukt, bær og grønsaker er ei av matvaregruppene som det er tilrådd å bruke meir av i ein kost der ein har problem med hjarte- og karsjukdommar.

Hjartevennleg kost

Det viktigaste prinsippet i hjartevennleg kost er at det blir kutta ned på meitta feitt. Ein del av det meitta feittet bør dessutan bytast ut med umeitta feitt. Fiskefeitt (omega-3) kan redusere mengda av triglyserid i blodet og har dessutan ein positiv effekt på blodet si samansetjing og på blodåreveggen. Fisk, særleg feit fisk, bør derfor vere ein del av kvardagskosten, både som pålegg og til middag. I tillegg tilrår ein tran som er særleg rik på dei gunstige omega-3-feittsyrene. Dei som har høge TG-verdiar bør få lite sukker og alkohol, ettersom dette aukar nivået av TG i blodet. For dei som er overvektige, kan ein vektreduksjon òg medverke til å redusere TG-nivået.

Fiber er viktig for å stabilisere blodsukkeret og stimulere fordøyinga, og enkelte fibertypar verkar òg svakt kolesterolsenkande. Fiberrike matvarer bør derfor danne grunnlaget i eit hjartevennleg kosthald. Frukt, bær og grønsaker har dessutan eit høgt innhald av gunstige antioksidantar som er med på å redusere risikoen for hjarte- og karsjukdom.

Hjartevennleg kost i praksis

  • Bruke mindre feitt, særleg meitta feitt.
  • Erstatte noko av det meitta feittet med umeitta feitt.
  • Avgrense mengda kolesterolrike matvarer.
  • Bruke meir fiberrike matvarer.
  • Bruke minst mogeleg sukker og alkohol ved høge TG-verdiar eller overvekt. (Kjelde: Retningsliner for kosthald i helseinstitusjonar, ShDir)

Hjartevennleg mat:

  • laks, makrell, sild og andre feite fiskeslag
  • nøtter
  • oliven
  • avokado
  • oljer
  • majonesbaserte pålegg
  • magert kjøt
  • magre melkeprodukt
  • frukt, bær og grønsaker

Eit kolesterolsenkande kosthald bør ha ei energifordeling der delen energi frå feitt er under 30 E %. Meitta feitt bør liggje under 10 E % og umeitta feitt bør liggje mellom 10 og 20 %.

Eit sunt kosthald vil ikkje berre kunne påverke feittstoffa i blodet i rett retning, men òg verke gunstig inn på blodtrykk, blodsukker, vekt og andre faktorar som kan vere med på å auke risikoen for hjarte- og karsjukdommar.

Salat med avocado og kalkunskiver. Foto
Avocado passar godt saman med mange ulike råvarer, og kan godt brukast i ein salat saman med f.eks. laks.

Den største kjelda til meitta feitt er oppspedd kjøt og feite meieriprodukt

  • Ein bør derfor nytte lite farsemat som pølser, kjøtkaker, og medisterkaker når ein lagar hjartevennleg mat.
  • Kjøtdeig bør bytast ut med karbonadedeig ettersom denne har eit vesentleg lågare feittinnhald.
  • Feite kjøtpålegg som servelat, fårepølse og salami bør ein òg byte ut med magrare variantar.
  • Av meieriprodukt bør ein velje dei magraste variantane, og ein bør alltid nytte margarin framfor smør.

Gunstig feitt

Fordi umeitta feitt verkar gunstig inn på feittstoffa i blodet, tilrår ein å byte ut noko av det meitta feittet med umeitta feitt frå matvarer som margarin, oljer, nøtter, majones, majonespålegg, avokado og oliven.

Egg, rogn og innmat

For dei som har svært høgt kolesterol kan det vere eit poeng å redusere mengda kolesterolhaldig mat slik som egg, rogn og innmat. Det blir då tilrådd at ein ikkje nyttar meir enn 2 eggeplommer per person per veke.

Vel fiberrik mat

Ettersom det er gunstig med fiberrik mat, bør ein så langt det lar seg gjere velje grove mjøltypar og bakevarer framfor finare typar. Fiberrike matvarer som havregryn, linser, erter, bønner, grønsaker, poteter og frukt er ein viktig del av eit hjartevennleg kosthald, og bør inngå i alle måltid.

Ulike typar linser ligg i kvar sine rom i eit fat. Foto.
Linser inneheld fiber og har ein gunstig verknad på kolesterolet.

Læringsressursar

Hjarte- og karsjukdommar

SubjectEmne

Fagstoff