1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. SpesialkostChevronRight
  4. Energi- og næringstett kostChevronRight
  5. Energi- og næringstett kostChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Energi- og næringstett kost

Energi- og næringstett kost er ein kost som saman med nøkkelrådskost blir rekna for ein av to standardkostar i institusjonar og heimetenesta. Kosten er basert på nøkkelrådskosten, men skal ha eit høgare energiinnhald, samtidig som porsjonen skal vere liten.

Middag med skrei, lever, rogn og smørsaus. Foto.
Skrei med lever, rogn og smørsaus er næringsrikt, og smørsausen er med på å gi pasienten ekstra energi.

Kostregistrering, gjerne ved hjelp av Kosthaldsplanleggjaren, kan vere eit godt hjelpemiddel for å sikre at pasienten/bebuaren får i seg nok mat. Mellommåltid er ofte nødvendig for få dekt energibehovet til pasientane.

Kven bør få denne kosten

  • personar som har dårleg ernæringsstatus, som f.eks. kreftpasientar
  • personar med tygge- og svelgjevanskar
  • hjerte- og lungepasientar
  • funksjonshemma
  • pasientar som har store sår, for eksempel brannsår, og må ha eit ekstra tilskott av protein og energi
  • dei som et for lite, og ikkje klarer å halde vekta oppe
  • personar med langvarig sjukdom
  • akutte sjukdomstilstandar
  • eldre
  • demente

Energifordeling

Energi- og næringstett kost skal ha ein høgare feitt- og proteinprosent enn nøkkelrådskost. Proteininnhald bør vere 15–20 prosent, og feittinnhaldet bør liggje mellom 35 og 40 prosent. Størstedelen av feittauka bør komme frå umetta feitt. Karbohydratinnhaldet i denne kosten bør liggje på 40–50 prosent. Ved å redusere karbohydratnivået vil også volumet i måltidet gå ned, og maten vil dermed får eit høgare innhald av næringsstoff. Vitamin og mineralstoff bør liggje på anbefalt mengd.

Generelle kostråd

Små, appetittvekkjande rettar

Desse pasientane er ofte plaga av dårleg matlyst. Det er derfor ekstra viktig å tenkje på at porsjonen skal vere liten, innbydande og gjerne pynta med frukt og grønt.

Forrett kan vere ein appetittvekkjar til resten av måltidet.

Dessert og kaker smaker søtt og godt og er fristande for mange. Ein fordel er at det ofte inneheld mykje energi. Dessert kan derfor gjerne inngå i den daglege kosten.

På grunn av ulike sjukdomstilstandar vil det i nokre tilfelle vere lettare for pasienten å drikke enn å ete. Mellommåltid kan bestå av ulike typar energidrikkar og shakar, som gjerne kan lagast på huset. Drikkane kan gjerast rikare på næring med for eksempel fløyte eller eggeplommer. Det bør ikkje serverast for mykje drikke til måltidet, sidan pasienten da raskare vil kjenne seg mett.

Bilete av fire store glas med ulike milkshakar. Foto
Milkshake passar bra som mellommåltid.

Næringsrike mellommåltid

Grønsaker og potet gir stort volum i måltidet og forholdsvis lite energi, så det er ikkje gunstig å ete mykje av dette i energi- og næringstett kost. Samtidig er det viktig å ete litt frukt og grønsaker dagleg, fordi det inneheld viktige næringsstoff. Stuingar og gratengar laga på heilmjølk eller fløyte, gir masse energi og kan med fordel brukast. Grønsaker gir farge til maten og kan vere ein appetittvekkjar for bebuaren eller pasienten.

Auk energimengda

I sausar og supper er det gunstig å setje til fløyte, smør, olje eller rømme for auke energimengda. I nokre tilfelle er det også gunstig å bruke tørrmjølk eller mjølkepulver. I supper kan ein også bruke eggeplommer, dette vil dessutan gi ein fin og appetittvekkjande farge.

Meir pålegg, mindre brød

Til brødmåltida bør ein bruke feite mjølkeprodukt som drikke, for eksempel søt eller sur heilmjølk. Brød gir stort volum og raskt kjensle av mette, så reduser derfor mengd med brød til det halve og vel halvgrovt brød. Bruk dobbelt så mykje pålegg som til vanleg, for å få opp protein- og energimengda i måltidet. Vel påleggssortar som er feite og energirike, for eksempel feite ostar og kjøtpålegg.

Margarin og smør til måltida bør alltid bestå av minimum 80 prosent feitt.

Tre brødskiver med ulike typer pålegg i matpapir.foto.

Læringsressursar

Energi- og næringstett kost

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter