Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. SpesialkostChevronRight
  4. Laktoseredusert kostChevronRight
  5. Spesialkost – gluten og laktoseChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Spesialkost – gluten og laktose

Oppgåve i spesialkost om gluten og laktose.

Spesialkostmeny

Du arbeider på Grand hotell som kjøkkensjef. I morgon kjem det ein buss med pensjonistar.

Du har laga følgjande meny til reisefølgjet:

  • Blomkålsuppe
  • Kjøttkaker i brun saus, kokte poteter og kålstuing
  • Sitronfromasj

På bussen er det to personar som ikkje toler gluten, og tre personar som ikkje toler laktose.

Bruk spesialkostskjemaet og oppskriftene i oppskriftsheftet og forklar kva for nokre endringar du vil gjere på rettene for at dei som ikkje toler gluten og laktose, skal kunne bestille den same menyen.

Filer

Læringsressursar

Laktoseredusert kost

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter