Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. SpesialkostChevronRight
  4. Natriumredusert kost ChevronRight
  5. Natriumredusert kost ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Natriumredusert kost

1, 5 g salt er nok til å dekkje dagsbehovet til ein vaksen person. Størstedelen av saltet vi får i oss kjem frå heil- og halvfabrikata, ved tilsetjing av salt under produksjon og salting av ferdig mat på bordet.

Fat med rekkjer av ulike matslag. Foto.
Dette er døme på matvarer som kan brukast i natriumredusert kost.

Kven skal ha natriumredusert kost?

Natriumredusert kost blir brukt til personar som har høgt blodtrykk og mykje væske (ødem) i kroppen. Det kan vere ulike tilstandar som fører til opphoping av væske, som til dømes lever-, nyre- og hjartesvikt. Ved nyresvikt har kroppen problem med å skilje ut overflødig natrium, og dermed hopar det seg opp væske i kroppen ved inntak av mykje salt, og blodtrykket stig. Natrium bitt vatn i kroppen, og når ein reduserer saltinntaket, blir det altså mindre væske i kroppen.

Ein kan òg bruke natriumredusert kost for å førebyggje desse sjukdommane som er nemnde i kapittelet.

Kosten kan lagast med ulik mengde natrium, alt etter sjukdomstilstand:

  • 5 gram salt per dag
  • 2 gram salt per dag

Ikkje tilset salt under tillaging eller på ferdige retter til pasientar som skal ha 2 gram salt per dag.

Bruk kosthaldsplanleggjaren frå Helsedirektoratet og Mattilsynet når du sjekkar opp saltinnhald i matvara.

Lenkje til kosthaldsplanleggjaren.

Ernæringsmessige konsekvensar

Ved enkelte sjukdomstilstandar kan ein få dårleg matlyst. Saltfattig kost smakar mindre, og har ein dårleg appetitt kan inntaket av mat bli for lite og det kan dermed bli for lite av energi og næringsstoff.

Pasienten vil gradvis venne seg til mindre salt i maten og etter kvart kjenne smakane av andre råvarer. I denne kosten er det som alltid viktig å hugse på at pasienten et med auga først.

Hugselappen

Til ein kost med redusert saltinnhald er det gunstig å bruke reine råvarer, og heller tilsetje salt når ein lagar til maten.

Natriumredusert kost blir òg kalla saltredusert kost, og nemningane blir brukte om kvarandre i institusjon.

Porsjonspose med salt. Foto.
Pasientar som skal ha maksimum 5 gram salt per dag, bør få tilbod om 1-2 grams pakningar med salt til å strø over maten.

Læringsressursar

Natriumredusert kost

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter