Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. SpesialkostChevronRight
  4. Feittredusert kostChevronRight
  5. Feittredusert kostChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Feittredusert kost

Feittredusert kost blir laga til så lik nøkkelrådskost som mogleg, men med redusert feittinnhald.

Bilete av ein porsjon med hønsefrikasse. Foto
Hønsefrikasse kan lagast feittredusert. Retten er smakfull på grunn av fleire gode råvarer og fordi det er ein samankokt rett.

Kven skal ha feittredusert kost?

Feittredusert kost brukar ein til personar som har feittdiaré. Feittdiaré kan kome av ulike sjukdomstilstandar i tarmen og/eller bukspyttkjertelen, og desse sjukdomstilstandane kan føre til at ein i periodar er svært ømfintleg overfor feitt.

Døme på sjukdomstilstandar er stråleskadar eller betennelse i tarm, når delar av tarmen er fjerna og akutt gallesjukdom. Ved inntak av for mykje feitt vil pasienten få feittdiaré. Feitt vil dermed ikkje bli teke opp i kroppen, og dersom dette held fram over tid vil det bli for lite av viktige næringsstoff.

Nøkkelrådskost med redusert feittinnhald

Energifordeling

  • 17 % protein
  • 15 % feitt
  • 68 % karbohydrat

Feittredusert kost skal lagast til så lik nøkkelrådskost som mogleg, men med redusert feittinnhald. Nøkkelrådskost inneheld om lag 80–90 gram feitt per dag. Ved feittredusert kost skal ein minimum ha 40 gram feitt for kvar dag, og dette må fordelast over alle måltida. Det bør serverast seks måltid per dag for å få dekt behovet for energi.

Enkelte pasientar toler meir feitt, så kosten må derfor tilpassast kvar einskild pasient.

For å vere sikker på at ein ikkje overskrid anbefalt mengde, bør ein bruke oppskrifter og/eller vege opp feitt som blir brukt i kosten. Det er viktig å være merksam på at mange produkt og råvarer inneheld feitt, og at dette må inkluderast i den totale mengda feitt per dag.

Ernæringsmessige utfordringar

Når ein reduserer feittmengda med om lag 50 gram, mister ein samtidig 450 kcal per dag, som er rein energi. For at pasienten skal få nok energi må ein kompensere tapt energiinntak frå feitt med karbohydrat og protein. Matvarer som det er naturleg å auke inntaket av er til dømes brød, grønsaker og potet. Ettersom desse matvarene gir stort volum og ein blir raskare mett, må ein leggje inn fleire mellommåltid i kosten. Sukkervarer kan òg auke energitettleiken.

Feitt tilfører ein del viktige næringsstoff til kroppen, og dette mister ein noko av når feittmengda blir redusert i kosten, bl.a.:

  • Essensielle feittsyrer – omega 3 og omega 6
  • Feittløyselege vitamin, A- og D-vitamin
Kokk holder kasse med grønnsaker foran seg.foto.
Økt bruk av grønsaker og potet kan kompensere for tapt energiinntak frå feitt med karbohydrat og protein.

Læringsressursar

Feittredusert kost

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter