1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. SpesialkostChevronRight
  4. Glutenfri kostChevronRight
  5. Crossed grain, kryssa kornChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Crossed grain, kryssa korn

Symbolet "crossed grain" er internasjonalt og blir brukt på produkt som er glutenfrie, og der gluten i korn er bytt ut med glutenfrie ingrediensar.

Crossed grain-symbol

Norsk cøliakiforeining (NCF) godkjenner produkt i Noreg før produsenten får merket sitt på vara. Det er frivillig for produsenten å merkje vara med "crossed grain"-symbolet, men det er obligatorisk å merkje alle glutenfrie varer med "glutenfritt" eller "svært lågt gluteninnhald".

Crossed grain, kryssa korn, er det mest anerkjente symbolet som blir brukt på glutenfrie produkt. Det er lett å kjenne att, og når forbrukaren ser dette symbolet på pakningen, kan han vere trygg på at vara er glutenfri.

Læringsressursar

Glutenfri kost

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter