Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. SpesialkostChevronRight
  4. Mat med tilpassa konsistensChevronRight
  5. Spesialkost del 1ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Spesialkost del 1

Dette er ei individuell oppgåve i spesialkost. I denne oppgåva skal læraren gjennomgå fagstoff, deretter skal eleven svare på oppgåvene.

Ein bebuar et middag på ein institusjon. Foto

Informasjon om oppgåva

Læraren gjennomgår desse spesialkostane:

  • Mat med ein annan konsistens
  • Glutenfri kost
  • Saltredusert/saltfattig kost
  • Laktoseredusert kost
  • Feittredusert kost

Hugs

  • Spesialkost skal alltid vere så lik orginalen som mogeleg.

Oppgåve 1

Person som skriv på laptop

Lag eit hefte eller ei mappe med:

  1. framside og namn
  2. innhaldsliste
  3. innleiing
  4. svar på oppgåvene
  5. avslutning
  6. kjeldetilvisingar

Svar deretter på følgjande:

  1. Namn på spesialkost
  2. Kva for matvarer eller råvarer må pasientar på denne kosten unngå? (NEI-mat)
  3. Kva for matvarer eller råvarer kan pasientar på denne kosten ete (JA-mat)
  4. Skriv ned minst 6 faktasetningar (råd) som er viktige for deg som kokk å vite om spesialkosten.

Oppgåve 2

Menytavle. Foto.

Her ser du eit døme på ein meny med nøkkelrådskost det er vanleg å servere i institusjonar.

Døme på tabell

Kost-typeHovudrettSausPotet/grøns.Dessert
Nøkkelrådskostlettsalta kokt uereggesmør

kokt potet gulrotstuing

erter

kirsebærkompott

fløytemjølk

Findelt kost
Glutenfri kost
Saltredusert kost
Laktoseredusert kost
Feittredusert kost

Læringsressursar

Mat med tilpassa konsistens

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter